– Mobbing er unødvendig

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er det minst mobbing

– Tysdag vart me einige om at i 10.klasse er me ferdige med baksnakking, fortel Andrea Hopland Våge, som går siste året på Aurland barne- og ungdomsskule.

Mobbefokus
Elevundersøkinga – som vart publisert denne veka – svarte ingen av dei 16 elevane i tiandeklassen på Aurland barne- og ungdomsskule at dei har opplevd jamleg mobbing på skulen dei siste månadane. Heller ikkje sjuandeklassingane rapporterte at dei opplevde mobbing.

Men slike gledelege statistikkar kjem ikkje av seg sjølv. Både elevar, kontaktlærar og rektor fortel at skulen har stort fokus på førebygging. Tiandeklassen har den siste tida jobba mot baksnakking. Kjem det opp nokre problem er det viktig å få snakka ut om dei.

– Me er veldig på hogget når det oppstår ting. Eg plar seie det at me kan aldri garantere at det ikkje oppstår mobbing, eller tendensar til mobbing. Det eg kan garantere er at me tek det på ramme alvor, seier rektor Odd Mikalsen.

Førebygging, god trivsel og eit godt system for å handtere problem er oppskrifta.

LES OGSÅ: Her trivst elevane aller best

Lite miljø
Elevrådsrepresentant Damian Savchev kjenner seg att i undersøkinga, men peikar på at han ikkje kan vere sikker på at ikkje mobbing førekjem. I åttandeklasse kom han til Aurland frå ein nesten fire gonger så stor skule i Bulgarias hovudstad Sofia.

– Der var det vanskelegare å sjå kven som vart mobba, fortel han.

Aurland barne- og ungdomsskule har i alt 159 elevar – 59 av desse på ungdomsskulen.

Andrea kom til Aurland i sjuandeklasse frå ein annan liten skule i Fjaler. Ho trur at storleiken på skulen kan forklare dei låge mobbetala.

– Det er ein liten plass, så her er ikkje presset så stort. Kanskje er det større press i Oslo. Det kan vere kroppspress, drikkepress, snus- eller røykepress, seier Andrea, som òg trur at det kan hende folk ikkje tør å mobbe, sidan det lettare vert oppdaga på ein liten skule.

Gabriele Kunigiskyte har heilt andre erfaringar frå ein mykje større skule i Litauen, der ho gjekk fram til for seks år sida.

– Der var det slik at dei eldste plaga dei små. Om jentene hadde fletter i håret drog dei i dei. Lærarane var heller ikkje snille, ein gong då eg gjekk i andreklasse drog ein lærar meg i håret. Det var nokre eldre elevar som var vakter i friminutta, men det var dei som mobba mest, fortel tiandeklassingen.

LES OGSÅ: Krev kvalitetssikring av lærebøker

Saka fortset under biletet.


Tiandeklassingane Unni Marie Forberg, Gabriele Kunigiskyte, elevrådsleiar Amalie Soldal Bøe, Andrea Hopland Våge og Damian Savchev trur at storleiken på skulen bidreg til eit mobbefritt miljø i klassen deira.   

Riktig tankegang
Rektor fortel at skulen har stor vaksentettleik med lærarar og assistentar. Desse går vakter i friminutta.

Skulen er dessutan med i MOT-programmet, som tek sikte på å skape robuste og trygge ungdomsmiljø.

Kontaktlærar Anne Marie Torheim meiner at ein klassestorleik på 16 elevar er ideelt. Mange nok til at alle finn ein ven – og få nok til at alle vert sett. Ho fortel òg at eit godt og mobbefritt miljø ikkje kjem av seg sjølv. Det handlar om konstant arbeid og fokus frå kontaktlærar.

– Om ein har ein god relasjon til elevane og foreldra er mykje gjort. Eit lite miljø treng ikkje vere mobbefritt. Det handlar om kjemi og ein tankegong om at: Mobbing vil me ikkje ha, forklarar ho.

Lærarane i skulen har hatt etterutdanning i klasseleiing og relasjonsbygging. Her er det viktig å ha god kontakt med den enkelte elev, slik at ein legg lista lågt for å seie ifrå. I andre ledd kan foreldra merke at noko er gale, så ein god kontakt med heimen er òg viktig. Vidare tek skulen svar frå ulike spørjeskjema som dei nyttar til elevsamtalar alvorleg.

– Eg spør kven det gjeld. Det er viktig å gå frå det generelle til personnivå, seier kontaktlæraren.

Tiandeklassingane sjølv er bevisste på at mobbing har sin pris og kan få negative konsekvensar for dei det gjeld.

– Kva synest de om mobbing?

– Mobbing er unødvendig, seier Gabriele.

LES OGSÅ: Kommune får kraftig bot for mobbing

Dette svara elevane på 10. trinn om mobbing:

Dette svara elevane på 7. trinn om mobbing:

Faktaboks

400.000 elevar frå 5. trinn og til og med vidaregåande har svart på Elevundersøkinga.

Så mange elevar har opplevd desse krenkingane to til tre gonger i månaden eller meir:

Nokon gjorde narr av eller erta meg, slik at eg blei lei meg: 31172 (10,7%)
Eg blei halden utanfor: 25192 (8,7%)
Nokon spreidde løgner om meg: 22996 (8,0%)
Nokon trua meg: 9803 (3,4%)
Nokon slo, dytta, sparka eller haldt meg fast så eg blei redd: 9419 (3,3%)
Nokon kommenterte utsjånaden min negativt på ein måte eg ikkje likte: 22936 (7,9%)

Kjelde: Analyse av Elevundersøkinga, Utdanningsdirektoratet