Vil vekke miljøparagraf 110b til live

Denne veka samlar besteforeldre, forfattarar, studentar og professorar seg om miljøparagraf 110b i Grunnlova. Spire-leiar Mari Gjengedal meiner vi må vekke paragrafen til live.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Paragraf 110b er ein sovande paragraf som bør bli nytta i mykje større grad, seier leiar i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire, Mari Gjengedal.

På torsdag opnar ho konferansen «Frå ord til handling?»,der mellom andre politikarar, professorar, juristar og forfattarar vil aktualisere paragraf 110b i Grunnlova. Paragrafen, som vart samrøystes vedteken av Stortinget i 1992, slår fast at alle har rett til sunt miljø – også kommande generasjonar.

Kan brukast aktivt
– Vi meiner dette er ein god paragraf, som også har eit generasjonsperspektiv. Paragrafen slår tydeleg fast det politiske ansvaret for å sørgje for at politiske avgjersler også tek omsyn til framtidige generasjonar, seier Gjengedal.

LES OGSÅ: – Ein historisk dag for nynorsken

Spire-leiaren meiner grunnlovsparagrafen i større grad kan brukast som eit aktiv verkty.

– Det er myndigheitene sitt ansvar å sikre folkets rettar, og då er det myndigheitene som må prøvast for retten dersom dei ikkje gjer det. Ein annan måte å bruke paragrafen på, vil vere at vedtak som er i strid med Grunnlova må gjerast om.

Ho meiner likevel at den viktigaste nytten av paragrafen er moglegheita for å starte ein større samfunnsdebatt.

– Paragrafen har stort demokratisk potensiale. Den kan få oss til å reflektere over kva Grunnlova eigentleg inneber og kva moralsk ansvar vi har for framtidige generasjonar. Det er eit perspektiv som i stor grad manglar i dag, seier Gjengedal.

LES OGSÅ:Vil gi meir makt til etikkrådet til Oljefondet

Og nettopp dei framtidige generasjonane er eit viktig fokus for Spire. Organisasjonen arbeider for å etablere ein politisk uavhengig institusjon, med kompetanse til å kaste ljos over langsiktige perspektiv ved norsk politikk. Eit «framtidsombod» vil hjelpe politikarane til å ta meir medvitne avgjersler, meiner Gjengedal.

– Det er lett å bli distrahert av det som skjer her og no i politikken, og eit framtidsombod vil kunne sikre meir langsiktig tenking i politikken. I tillegg vil ombodet fungere som eit informasjonsorgan, som kan kaste ljos over konsekvensane av politikk. Det manglar i stor grad i dag, seier Spire-leiaren.

– Manglar substans
Under Høgres landsmøte i helga, lova Erna Solberg at Noreg skal ta sin del av ansvaret, slik klimaforliket slår fast.  Miljøstiftelsen Zero rosar Erna Solbergs tale på landsmøtet og meiner å sjå eit grønt skifte i Høgre, ifølgje Nrk.

Naturvernforbundet og Bellona meiner derimot at statsministeren let vere å nevne dei viktigaste spørsmåla, nemleg dei knytt til petroleumssektoren. Spire-leiaren er heller ikkje imponert.

– Mykje høyres veldig bra ut, men det manglar substans. Noreg vil aldri klare å få truverd i klimasaka utan å vurdere spørsmål knytt til oljeindustrien. Høgre har veldig stor tru på at teknologien vil redde oss, og nektar å ta innover seg at vi må endre måten vi lever på, seier Gjengedal.

LES OGSÅ: Unge er klima-optimistar

Ho meiner dette er årsaka til at dei internasjonale klimaforhandlingane stoggar.

– Fattige land mistrur rike land, nettopp fordi rike land ikkje er viljuge til å kutte sjølv. Dermed stoggar forhandlingane. Eg vert ikkje imponert før regjeringa legg fram ein langsiktig og truverdig plan for utfasing av oljeproduksjonen, seier ho.

– Størst symbolsk kraft
Også talsperson for Grøn Ungdom, Ingrid Ophaug Dahl, skal delta på konferansen. Ho meiner paragrafen i større grad vert brukt symbolsk enn rettsleg.

– Eg har grunna mykje på miljøparagrafen i det siste, og kome til at den ikkje har noko direkte rettsleg kraft. Dei fleste juristar er også einige i at det vil vere vanskeleg å føre sak på den, meiner Ophaug Dahl.

LES OGSÅ: Det store klimaspelet

Ho peikar på at paragrafen vert avslutta med at myndigheitene skal «give nærmere Bestemmelser til at gjennemføre disse Grundsætninger».

– Sidan paragrafen vart vedteken i 1992 har klimapolitikken harmonisert dårleg med Grunnlova.  Eg trur ikkje at paragrafen nokon gong kjem til å ha meir meining enn vi gir den, og eg trur at folket må vere med for å gi den kraft. Det hadde vore veldig fint dersom ein kunne gå til sak basert på paragrafen, men vi treng store omveltingar som ikkje vil komme berre av at den får rettsleg kraft, meiner talspersonen.

Ophaug Dahl meiner regjeringa har potensiale til å gi paragrafen innhald.

– Regjeringa kan velje å ha paragrafen som utgangspunkt og ikkje la den vere tomme ord. Til dømes kunne vi laga ei klimalov, med konkrete reglar knytt til klimaspørsmål.

Også Grøn Ungdom er kritiske til Høgres klimapolitikk.

– Høgres vedtak er gode og konkrete, men ikkje nok. Utan å ta tak i elefanten i rommet, oljeindustrien, når vi ikkje togradersmålet. Vi trenger store endringar, og ved å trappe ned oljeindustrien kan vi skape endring både nasjonalt og globalt, seier ho.

TA QUIZ: Kva veit du om Grunnlova?

Politikk i Stortinget, ikkje i domstolane
Leiar i Sosialistisk Ungdom, Andreas Halse, meiner paragrafen slår tydeleg fast at innbyggjarane skal ha innverknad på korleis naturen vert forvalta.

– Då kan ein spørje seg om det er god politikk at oljeselskapa avgjer norsk oljepolitikk, og ikkje det norske folk. Mange utvinningsløyve vert gjevne ut på automatikk, i staden for å verte handsama i Stortinget, med omsyn til kva vi toler, både økonomisk og med tanke på klimaet. Ein kan hevde at norsk politikk er grunnlovsstridig, fordi den ikkje tek nok omsyn til miljøet.

Halse er likevel veldig skeptisk til at ein skal kunne overprøve klimapolitikk ved hjelp av Grunnlova.

– Eg meiner at politikk først og fremst skal avgjerast i Stortinget, medan Grunnlova skal sikre nokre grunnleggjande rettar. Eg trur det vil vere lite effektivt å overprøve klimapolitikken rettsleg. Vi er avhengige av at folk er med dersom vi skal få til den naudsynte omstillinga for å handtere klimautfordringane, seier SU-leiaren.

Halse meiner det viktigaste steget for norske politikarar er å ta styring over oljeindustrien.

– Høgre kjem med mange fine og flotte forslag, men dei må tørre å ta styring over oljeindustrien for at Noreg skal bli ein pådrivar for klima, seier han.

Bli med i skrivekonkurranse om Grunnlova!

Faktaboks

Paragraf §110b
«Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal forvaltast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte for å tryggje denne retten for kommande slekter.
Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.
Dei statlege styresmaktene gjev nærare føresegner for å gjennomføre desse grunnsetningane.»