Dramatiske konsekvensar for Sogn og Fjordane, medan Oslo får ein halv milliard meir per år. Jan Tore Sanner (H) har bestemt kva fylkeskommunane skal få i framtida.

mm

Regjeringa presenterte i dag nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil etter ein overgangsperiode på fem år få opp mot 250 millionar kroner årleg mindre enn i dag. Det vil få store konsekvensar for tenestetilbodet til fylkeskommunen.

– Det vil vere dramatisk for innbyggarane i fylket om vi får så reduserte inntektsrammer som det ser ut til i dag. Vi har vore klar over at eit nytt inntektssystem ville gi oss lågare inntekter. Den førre inntektsgarantiordninga gjorde likevel at utfordringane var handterbare. Regjeringa erstattar no denne med ei overgangsordning, som gjer at vi får langt tøffare utfordringar, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Ho er oppteken av at inntektssystemet ikkje berre er eit fagleg spørsmål, men er i like stor grad politiske vurderingar.

– Eg vil no følgje dette nøye fram mot handsaminga i Stortinget, seier Kjelsnes.

LES OGSÅ: Her er dei mest sårbare kommunane

Store omfordelingar
Fire fylkeskommunar vinn over 100 kroner per innbyggar på endringane. Oslo er den suverene vinnaren, mens også Rogaland, Vestfold og Buskerud, Oppland og Aust-Agder får klar auke i inntektene sine over tid. Utanom Sogn og Fjordane er det Nordland, Troms, Nord-Trøndelag, Finnmark, Hedmark og Hordaland som taper meir enn 100 kroner per innbyggar når endringane har fått full effekt i 2019, ifølgje Kommunal-Rapport.

Totalt er det knapt éin milliard kroner som blir omfordelt mellom fylka på grunn av endringane i inntektssystemet. Oslo får halvparten av denne gevinsten, medan Sogn og Fjordane og Nordland betaler halvparten.

– Slik det ser ut no, så legg det nye inntektssystemet opp til ei sterk sentralisering, slår Kjelsnes fast.

– Vi ser at storbyane har utfordringar, som sterk folketalsauke og press på kollektivtrafikken og infrastrukturen. Utfordringane i distrikta er gjerne knytte til svak folketalsutvikling, spreidd busetnad, lange avstandar, vanskeleg topografi og manglande statlege tenester, som til dømes NSB. Vi kan ikkje bruke ein og same reknemodell for å løyse så ulike problem, seier fylkesordføraren i Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Vestlandet dominerer Nærings-NM

Sanner: – Meir rettferdig
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) meiner det nye systemet er meir rettferdig.

– Inntektssystemet er meint å fordele pengane objektivt, ut i frå korleis fylkeskommunane bruker pengane når dei lagar tenester til innbyggarane. Dette systemet har ikkje vore endra på 20 år. Kriteria og fordelinga av midlar gjennom inntektssystemet speglar derfor ikkje kostnadene og behova til fylkeskommunane i dag. Det har sidan 2005 vore varsla at inntektssystemet til fylkeskommunane bør oppdaterast. No gjer vi det, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE