Feminist, ja visst!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kallar meg feminist fordi eg gjerne vi kome fordommane mot ordet til livs, skriv Susanne Myklebust Egset i ein epost til Framtida.no.

Bloggen hennar Susmumrik er kåra til Vekas blogg hjå Framtida.no, noko som betyr at ho er med i tevlinga om å verte Verdas beste nynorske blogg.

LES OGSÅ: Mannen med den populære skrifta

«SuperGirl89»
Susmumrik er eit nettalias som har vore med ørstajenta på dei fleste digitale plattformer. For dei som ikkje les det av namnet, er det ei kryssing av hennar eige namn og Snusmumrikken frå Tove Jansson sitt mummiunivers. Det er ikkje til å kome unna at ho er letta over at det var nett det namnet som vart hengjande.

– Eg tenkjer iblant i mitt stille sinn at eg er heldig at det ikkje var type «SuperGirl89» eller liknande som etablerte seg i staden. Det kunne like gjerne ha vore det, skriv 25-åringen.

Egset blogga då ho gjekk på vidaregåande, om at frå kjedelege historietimar til kvifor det var idiotisk å fjerne sidemålsundervisning i skulen. Nyleg kjente ho igjen på behovet for å dele sine eigne meiningar. Difor blogga for fyrste gong på fem år i mars.

– Det gjer godt å kunne uttrykke meg om ting som opptek meg, seier Egset, som har mykje på hjarta om språk, politikk, kjønn og media. Særleg brenn ho for nynorsk og kvinnesaka.

LES OGSÅ: Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Feministjournalist
Til vanleg jobbar ho som flyplassjournalist ved Oslo Lufthamn. Sidan nyleg kan ho òg smykke seg med tittelen deltidsfeministjournalist i feministmagasinet FETT.

I biografien på bloggsida står det mellom anna at jenta er feminist og syng i kor. Egset meiner at det å vere feminist er ein heilt normal ting å vere. Altså å meine at menn og kvinner er like mykje verdt og at verda ikkje er heilt rettferdig og at det difor er naudsynt med litt kvinnekamp.

– Det som ikkje er normalt derimot, er å identifisere seg med ordet «feminist» fordi det er knytt mange fordommar til det. Eg veit eg risikerer å hamne i ein bås hjå nokre ved å kalle meg det, men kanskje eg ufarleggjer ordet for andre. Kanskje eg opnar for at andre skjønar at feminisme er så enkelt som å vere for likestilling, og då er det verdt det, seier journalisten, som har behov for å synleggjere at kvinnesak i seg sjølv er naudsynt og konstruktivt og ikkje ein utdatert kamp.

Imagekamp
Ho er slett ikkje åleine om å peike på feminismen sitt imageproblem. Nyleg sette journalist, forfattar og feminist Marta Breen i gong ein kampanje på sosiale medier der folk postar bilete av seg sjølv med ein plakat der det står: «Slik ser ein feminist ut» under emneknaggen #feministjavisst.

–Marta Breen si bok «Født feminist» har bidrege mykje til engasjementet mitt i kvinnesaka. Mykje av det ho skriv er ting eg har tenkt, så det var nok då eg las den boka i år at feminist-engasjementet mitt var eit faktum, seier Egset, som er sterkt ueinig i utsegn som: «likestillinga har gått for langt».  

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her!
 
Ingen bloggtopp
– Har du nokre tips til andre bloggarar?
 
– Det fins nok mange gode tips, råd og oppskrifter til korleis ein skal blogge for å få flest mogleg lesarar og kanskje til og med tene pengar på blogging. Eg respekterer dei som har gjort big business av bloggane sine, men du kjem nok ikkje til å sjå meg på noko toppliste, og eg har ikkje tips til korleis andre skal hamne der heller, seier den utflytta ørstingen, som oppmodar folk til å ta utgangspunkt i kva dei har på hjartet og finne ei eigna form for å få det ut på.

Likevel kjem det nokre gode råd frå mediemennesket.

– La deg inspirere av andre som bryr seg om same tema som deg, og la kreativiteten og engasjementet få utløp gjennom tastaturet. Det er skikkelig gøy, og enda gøyare er det når ein får respons frå andre. Del på sosiale medium, be om tilbakemeldingar og ta del i debattar og diskusjonar rundt tema du bloggar om og bryr deg om, seier bloggaren.

Eit anna konkret tips frå Susmumrik er å «time» innlegga dersom ein vil skape engasjement. Det har ho god erfaring med frå hennar mest leste innlegg til no: «Derfor er du også feminist», publisert på kvinnedagen 8. mars.

LES OGSÅ: Mote på nynorsk

Stor stas
Av tilbakemeldingar vert ho mest glad for når folk er einige, utfordrande, eller når tema eller stil treff lesaren. Og nokre kommentarar varmar meir enn andre.

– Egoet mitt blir også veldig tilfreds når tilbakemeldingane kjem frå folk eg ser opp til. Eg var rimeleg nøgd den dagen då sjølvaste Marta Breen kommenterte eit blogginnlegg – som handla om Marta Breen, avsluttar feministen, som ikkje har skrive sitt siste ord.

Tips oss om gode nynorske bloggar her!

Faktaboks

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida).
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.