Statoil får refs frå Miljødirektoratet

Miljødirektoratet går kraftig ut mot forslaget frå Statoil om ei elektrifisering av Utsirahøgda i fleire fasar. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statoil får refs

Forslaget inneber at det blir endå vanskelegare å nå klimamålet for 2020, slår direktoratet fast.

Statoil har gått inn for ei løysing kor berre eitt av oljefelta på Utsirahøgda skal forsynast med kraft frå land frå oppstarten av.

Selskapet har sendt ut saka på høyring, og i svaret til oljeselskapet går Miljødirektoratet kraftig ut mot forslaget, skriv Teknisk Ukeblad.

LES OGSÅ: Meiner oljen gjer oss blinde

– Valet om å ikkje elektrifisera heile Utsirahøgda frå oppstarten av Johan Sverdrup, inneber at det norske klimamålet for 2020 blir endå vanskelegare å nå, heiter det i fråsegna som Teknik Ukeblad har fått innsyn i.

Miljødirektoratet viser til ein rapport frå tidlegare i år kor direktoratet viser kva som må til for at Noreg skal nå klimamålet for 2020.

Det største tiltaket i rapporten er elektrifisering av dei nye felta på Utsirahøgda, med utrekna utsleppssparing på 0,6 til 0,8 millionar tonn CO2.

Statoil si løysing, som berre dekkjer feltet Johan Sverdrup i fase 1, vil gje ei CO2-sparing på 0,2 til 0,3 millionar tonn i 2020.

LES OGSÅ: Unge er klima-optimistar