I 2013 sette Brita Marie Servan seg eit mål om å handle snilt. Litt syndeshopping har det vorte.

mm

– Eg har ikkje vorte ein supersnill forbruker, men eg har i alle fall forsøkt, seier Brita Marie Servan.

LES OGSÅ: Motebloggaren som slutta å shoppe

Litt shop
I januar 2013 vart ho inspirert av Shop stop-gruppa. Denne gruppa – og andre som har eit slikt prosjekt – set seg er gjerne som mål å ikkje handle seg nye klede i løpet av eitt år. Reglane kan variere. Meir eller mindre strenge. Brita Marie, som lenge har vore oppteken av rettvis og miljøvennleg handel, valde ein litt annan variant.

– For meg passa det ikkje å ta eit år fri frå shopping. I skapet mitt låg det stort sett kleder i dårleg kvalitet og mykje arvetøy. Eg bestemte meg for å heller ha eit år med meir bevisst shopping. Målet var å blogge kvar gong eg kjøpte meg noko og fortelje om det – anten det var snilt eller slemt, fortel 29-åringen.

Bloggen Snill shopping har òg blitt til ei Facebook-gruppe der brukarane kan dele informasjon og spørje etter råd om kvar ein får tak i etiske varer. For det er ikkje alltid lett å vere ein snill shoppar, som finn fram til dei kjedene som sikrar dei som skapar varene gode og sunne arbeidsvilkår og løn.

Klesengasjement
Klesindustrien har fått mykje kritisk merksemd i Noreg den siste tida, mellom anna gjennom Aftenposten sin web-tv-serie «Sweatshop – dødsbillig mote», der norske tenåringar sjølv får erfare korleis dei som lagar kleda deira har det.

I 1. mai-toget i Oslo gjekk organisasjonane Fremtiden i våre hender og Changemaker under fana for ei rettferdig levelønn for tekstilarbeidarane. Fremtiden i Våre hender har samla inn har samla inn over 13.000 elektroniske underskrifter til kampanjen «Jeg vil gi tiern’n min». Her tek dei til orde for å betale ti kroner meir for kleda, dersom kleskjedane sørgjer for å gje arbeidarane ei løn dei kan leve av.

Ifølgje Clean Clothes Campaign får arbeidarane på klesfabrikkar sjeldan meir enn fem prosent av kjøpesummen for produktet.

Leiaren i Fremtiden i våre hender Arild Hermstad meiner bloggarar er kjempeviktig drahjelp når det kjem til å setje merksemd på arbeidskåra og løna til tekstilarbeidarane.

– Dei store motehusa er veldig vare for kritikk. Kva bloggarane seier og gjer er viktig. Dersom bloggarar berre skriv om utsjånaden og prisen på plagga er det dårleg nytt for arbeidarane, seier Hermstad og legg til:

– Eg trur mange er blitt meir bevisste etter å ha levd i villfaring om at dette er noko som vil ordne seg av seg sjølv.

Fremtiden i våre hender oppmodar ikkje til boikott, men vil spreie informasjon til forbrukarane, som sjølv får avgjere kva dei vil gjere.

LES OGSÅ: Søppel på menyen

Strømpebuksekrise
Servan kjem frå Karmøy og har nett flytta til Bømlo, etter å ha budd dei ti siste åra i Bergen.

– Der finn ein mykje brukt og nokre spesialbutikkar som sel etiske klede, som for eksempel Nøstebarn. I Oslo er utvalet enda betre. Men her på bygda finn eg ikkje klede på bruktbutikken ein gong, forklarar den utflytta karmøybuen, og legg til: 

– Det finst altså mange snille merker, men dei får me ikkje kjøpt i vanlege butikkar. Netthandel er ei løysing, men eg likar best å prøve sko og kleder før eg kjøper dei. Difor har det vore litt syndeshopping, medgjev Brita Marie, som av og til kan kjenne på behovet for å fornye seg.

Av og til er det noko ein berre må ha, som når ho skulle i konfirmasjon i helga og måtte ha strømpebukser.

LES OGSÅ: Heilgrøne Hanna

Nyttig nett
Ho har lært at det viktigaste for ein bevisst forbrukar er planlegging, og vite kva ein treng og kjem til å trenge. Då er det lettare å unngå impulskjøp.

– Kva anna kan ein gjere for å vere ein bevisst forbrukar?

– Kjøp ting du liker godt, som er av god kvalitet og som du faktisk kjem til å bruka lenge. Om det er miljøvennleg og rettferdig er det ein bonus, svarar bloggaren.

– Å vere ein bevisst forbrukar krevjer mykje tid, om ein for eksempel skal sjekke kva andre seier om eit produkt på Internett, fortel Servan.

LES OGSÅ: På søppeltoppen i Noreg

Arvegods
Sonen Jonatan vart fødd same døgn som Snill shopping-gruppa og er no halvtanna år gamal. Han har stort sett gått med arveklede, men for han gjer ho unntak frå shoppingregelen, om det er noko han treng.

– Både eg og han har arva mykje av familie. Eg har eit inntrykk av at det er meir akseptert for born enn unge og vaksne å nytte andre sine gamle klede, seier mora.

Eit argument for å handle som før er at om ein ikkje handlar så misser arbeidarane i fattige land jobben. Servan ser dette argumentet, men vil som forbrukar prøva og støtta bedrifter og industri som ho veit gjer sitt beste for miljøet og sikrar arbeidarane gode kår.

– Me har ei forbrukarmakt og kan med pengane våre vere med å skape gode arbeidsplassar for folk, anten det er her i landet eller andre stader i verda. Etter den store ulukka i Bangladesh, har media auka fokus på problemet. Og no ser det ut til at fleire er blitt oppteken av at ansvaret òg ligg hjå oss. Det synest eg er veldig kjekt – og det hadde vore flott om fleire vil bli med i Facebook-gruppa vår og dele erfaringar med snilt forbruk.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

Kommentarar

ANNONSE