Kraftig mobbebot til Høyanger

Først i landet til å få bot for å ikkje følgje opp mobba elevar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får kraftig mobbebot

Under rådmannens orientering på kommunestyremøteet i Høyanger i går vart dei folkevalde orienterte om at kommunen har fått ei bot på 100.000 kroner.

Som første kommune i landet, har Høyanger kommune fått ei føretaksstraff på 100.000 kroner for å ha brote Opplæringslova, skriv Firda. Rådmann Arve Varden orienterte om at kommunen har fått melding frå poltimeisteren om bota.

I februar 2013 og i november 2013 vart Høyanger meld av foreldra til to elevar ved Høyanger skule. Dei hevda at kommunen ikkje i tilstrekkeleg grad hadde følgt opp elevane som dei meinte har vore utsette for langvarig psykisk og fysisk mobbing.

LES OGSÅ: – Mobbeoffer treng oppreising

Høyanger kommune får bota for å ha brote to punkt i Opplæringslova. Det eine for ikkje å ha sett inn tilstrekkelege tiltak for å hindra nye hendingar, trass i at leiinga og tilsette ved Høyanger skule kjende til mobbinga. Dessutan for ikkje å ha gjort enkelvedtak slik opplæringslova pålegg skuleleiinga.

I grunngjevinga for bota peikar politiet på alvorlege hendingar der ein elev har blitt halden under vatn til han mista pusten, han har fått hovudet dunka i ein vegg, fått drapstrugsmål, og blitt angripen med kniv av ein medelev i skuletida.

«Eg ber foreldra og elevane dette gjeld om orsaking dersom dei ikkje har hatt gode opplevingar i kontakten med Høyanger skule, og dersom dei ikkje har fått den omsorg og oppfølging som dei har krav på», seier Høyanger-rådmann Arve Varden til Firda.

Høyanger kommune har fem dagar på å avgjera om dei godtek bota.

LES SAKA I SOGN AVIS!