Åtvarar korps mot hørselsskadar
Mai er høgsesong for timelange, innandørs øvingar for dei 1.600 korpsa her i landet. Støynivået ligg på linje med eit pressluftbor utan demping.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Korps kan gi øyresus
Når Austrått skolekorps i Sandnes øver på «Gammel jegermarsj» ligg lydnivået ifølgje Stavanger Aftenblad mellom 95 og 100 desibel, med lydtoppar på 112 desibel. Til samanlikning skal det bli brukt hørselsvern på jobb allereie når lyden er høgre enn 85 desibel.
– Enkelte instrument kan komme godt oppimot 100 dB, noko øyret toler i berre 15 minutt samanhengande før det slit på hørsla. Høge smell frå trommer og cymbalar skaper impulslyd som også kan vere skadeleg, meiner Anders Hegre, generalsekretær i Hørselshemmedes Landsforbund (HLF).
Svært mange korps øver i gymsalar og bomberom med elendige akustiske forhold. HLF vil at alle musikantar skal bruke øyreproppar på korpsøving. Det finst spesialproppar som dempar lydtrykket med rundt 20 desibel utan å endre klangbalansen.
Neste veke møter Norges Musikkorps Forbund kulturminister Thorhild Widvey (H). Gode øvingslokale og betre akustikk står på agendaen. (©NPK)