Frank Aarebrot åtvarar norske mediehus mot å kutte i redaksjonane i panikk fordi papiravisene får mindre oppslutning.

NPK-NTB
NPK-NTB

Journalistikken er høgt etterspurt – også blant dei unge.

Professor Frank Aarebrot meiner mediehusa er prega av panikk fordi dei ikkje har fått på plass gode nok betalingsordningar for dei nye media.

– Eg skjønner at dei har panikk og er redde for botnlinja. Men mi undersøking viser at dei bør tenkje seg om både to og tre gonger før dei vel å ta innsparingane i redaksjonane, seier han til NTB.

Aarebrot viser til Medieundersøkinga som han kvart år presenterer under Nordiske mediedager i Bergen. I år er ungdom mellom 16 og 25 år for første gong med som ei eiga responsgruppe.

Ikkje overraskande har tre av fire ungdommar nettmedium som sitt viktigaste nyheitsmedium. Berre éin av 20 ungdommar reknar papiravisa som sitt viktigaste medium og nesten éin av fem (18 prosent) meiner etermedia dekkjer deira interesser best.

– Dette inneber ikkje at ungdommen er uinteressert i journalistikk. Tvert om. Behovet for å ha ein profesjon som sorterer ei kaotisk informasjonsrøynd, er større enn nokon gong. Ungdommen finn fram til stoff som er laga av norske journalistar, og som er skrive på norsk. Dei har også like stor tillit til desse nyheitene som andre, seier Aarebrot. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE