I 24 timar i strekk skal forskarar presentera grunnlovshistoria frå 1814 direkte frå Eidsvollsbygningen.

NPK
NPK

Programmet «1814 på 24 timar» byrjar fredag kveld klokka 18.00 i NRK2. Det neste døgnet skal rundt 50 forskarar frå ulike fag dela kunnskapen sin om 1814 med sjåarane.

– Dette er ein heilt unik måte å driva forskingsformidling på. Eg har ikkje høyrt om andre forskarar som har vore med på noko liknande. Med «1814 på 24 timar» når me ut med heilt nye forskingsresultat til alle som er interesserte samtidig, seier jusprofessor Ola Mestad, som er leiar for Forskingsrådet sin komité for grunnlovsjubileet.

LES OGSÅ: – Ein historisk dag for nynorsken

Historisk scene
Førelesarane har sjølvaste Rikssalen på Eidsvoll som scene. Og museet er ope natta gjennom, slik at alle som vil kan koma og vera tilhøyrarar. Under førelesingane kjem Eidsvollsmennene sjølvsagt under lupa. Me får læra om kva dei sa og gjorde, men også om korleis dei gjekk kledde og kva helseplager dei hadde.

LES OGSÅ: Ein rar gamal tekst

Formidlingseksperiment 
Undervegs i programmet blir det delt dessertoppskrifter og idear frå opplysingstida. Skodespelarar framfører kjende talar og Henrik Ibsens «Terje Vigen», og nokre av politikarane frå notida drøftar kva dilemma me har i grunnlova i dag.

– Eg gler meg til å vera med på dette eksperimentet. Det blir ein veldig morosam måte å formidla forsking på. Undervegs i sendinga prøver me å svara på dei tre spørsmåla som har lege til grunn for satsinga: Kva skjedde i 1814 – eigentleg? Kva er dei lange linjene gjennom 200 år, og kva er utfordringane i dag? (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

Kommentarar

ANNONSE