Éi av ti fulle jenter på 15 har blitt utnytta seksuelt

– Urovekkande høge tal, seier forskar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fulle jenter oftare utnytta

11 prosent av 15 år gamle jenter, svarar at dei har blitt seksuelt utnytta medan dei har vore fulle.

– Dette er urovekkande høge tal. Dette betyr at mange jenter opplever ein eller annan form for alvorleg seksuelt overgrep i løpet av ungdomstida, seier forskar Hilde Pape ved Statens institutt for rusmiddelforskning, SIRUS, til Aftenposten.

LES OGSÅ: Éi av ti kvinner har blitt valdtatt

Undersøkinga viser at 71 prosent av jentene mellom 15 og 18 hadde vore rusa i løpet av det siste året. 3000 norske jenter er spurt i undersøkinga.

Alkohol er ein viktig del i mange valdtektsaker som blir meldt til politiet. 35 prosent av dei 253 meldingane som kom inn til Oslo politidistrikt i 2011, hadde skjedd i samband med festar. Overfallsvaldtekter, som rammar brått og tilfeldig, utgjorde til samanlikning 15 prosent av meldingane til politiet.

LES OGSÅ:Kvart tredje valdtekstoffer ventar med å gå til politiet