Éi av ti kvinner har blitt valdtatt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala går fram av ein ny rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS). Senteret har gjort ein landsomfattande studie om vald, seksuelle overgrep, trakassering, tap, omsorgssvikt og andre vanskelege livsforhold.

Onsdag formiddag fekk justisminister Anders Anundsen (Frp) overrekt rapporten med helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) til stades.

LES OGSÅ: Bryt stilla om valdtekt

Medan 1,1 prosent av dei spurde mennene seier at dei har vorte valdtatt, svarer 9,4 prosent av kvinnene det same. Av dei kvinnene som har opplevd å bli valdtatt, seier fire av ti at dei var redde for å bli alvorleg skadde eller drepne, og tre av ti fekk fysiske skadar.

Likevel gjekk berre 11 prosent av kvinnene til lege for å bli undersøkt og behandla etter overgrepet og like mange meldte saka vidare til politiet. 29 prosent av dei fortalde aldri til nokon kva som hadde skjedd.

Rapporten viser at det er ei opphoping av psykiske problem blant dei som har blitt utsett for valdtekt.

LES OGSÅ:– Tek makta frå orda