Beklagar rasistisk øvingsoppgåve

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Orsakar rasistisk øvingsoppgåve

Studentane ved Høgskolen i Sør-Trøndelag skulle rekna på kor mange slavekvinner ein plantasjeeigar kan enda opp med på «det hemmelege slavetorget utanfor Tangere».

Oppgåva er å finna i eit statistikk-kompendium som bioingeniørstudentar ved høgskulen har fått tilbod om, skriv Adresseavisen.

Oppgåva blir illustrert med teikningar av fem topplause kvinner med lenkjer rundt halsen.

Her er teksten i oppgåva:

«Til det hemmelige slavetorget utenfor Tangere er det nettopp ankommet 5 ny-innfangne piker fra Sudan. Plantasjeeier Hr. N.N trenger 3 nye arbeidersker (noen gamle er brukt opp). De fem pikene har navn som er vanskelig å uttale for hr. N.N. De blir derfor kalt ved nummer fra 1 til 5.

Spørsmålet er i første omgang; hvor mange ulike grupper på tre slavinner kan hr. N.N ende opp med?»

LES OGSÅ: 30 millionar slavar i verda

Fjerna frå høgskulen
Kompendiet blei skrive i 1997 og har vorte brukte som tilleggslitteratur for bioingeniørstudentar som ynskjer fleire døme på statistikkoppgåver.

Rektor Helge Klungland har no fått fjerna kompendiumet som føreslått tilleggslitteratur og bede om tilbaketrekking frå bokhandel. Han beklagar det rasistiske og støytande innhaldet.

– Dette er ikkje haldningar HIST står for, og ikkje i samsvar med verdiane våre som er kvalitet, likeverd og samarbeid. Me er svært ulukkelege for at ei slavinneoppgåve er brukt som døme i eit av kompendia våre, og støttar fullt og heilt dei reaksjonane som er komne på at dette er eit upassande døme i læremiddel som HIST nyttar. Det er berre å leggja seg flat, seier Klungland og beklagar på vegne av høgskulen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Staten blir driven av slavar