UiB vil etablere senter for nyskapande journalistikk

I samarbeid med store medieaktørar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universitetet i Bergen (UiB) ønskjer å etablere eit forskingssenter for journalistisk innovasjon når medieklynga Media City Bergen kjem på plass i 2017.

Då skal Bergens Tidende, Bergensavisen, NRK, TV 2, Vizrt og delar av Institutt for informasjons- og medievitskap samlast i eit stort mediebygg. Universitetet kryssar fingrane for at deira forskingssenter på journalistikk skal bli eitt av dei mest sentrale på bygget.

– Senteret kan skapa innovasjon innan eit heilt sentralt samfunnsområde. Det handlar om å vareta ei heilt sentral samfunnsoppgåve, den offentlege samtala og medieoffentlegheita, seier dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultet, Knut Helland, i ei pressemelding.

Institutt for informasjon- og medievitskap har sendt søknad til Noregs forskingsråd om oppretting av senteret. Søknaden er skriven i samarbeid med internasjonale akademiske partnarar og næringspartnarar i medieklynga. Svaret vil truleg kome i oktober i år. (©NPK)