– Spel for partigalleriet
Professor meiner tilbodet til bøndene frå landbruksministeren er laga spesielt for behandling i Stortinget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysdag 6. mai la Listhaug fram sitt første tilbod til bøndene. Senterpartiet meiner tilbodet vil ta knekken på bøndene.
Rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), professor Dag Jørund Lønning, seier i ein kommentar at statens tilbod først og fremst handlar om parti- og stortingspolitikk og mindre om å løysa landbruket sine utfordringar.
Prioriterer dei større
– Det er ein liberalistisk motivert partipolitikar langt meir enn ein minister for landbruket som talar gjennom dette tilbodet. Når Listhaug tek til orde for å fjerna eller heva ei rekkje produksjonstak, jublar nok ein del partifeller: «Jippi, me leverer!» Men kor mange norske bønder står eigentleg klare til å dobla produksjonen av kylling til 280.000 eller auka til 1,2 millionar liter mjølk? Ti? Tjue? Den samla produksjonseffekten av denne typen skrivebordstiltak vil bli liten. Resulterande avskaling av mindre produsentar vil fort nulla den heilt ut, eller til og med og gjera den negativ, seier Lønning.
Han legg til at tilbodet fort vert ein raud klut for bondeorganisasjonane, først og fremst grunna innretninga:
– Den samla storleiken på tilbodet, 150 millionar, er nok betre enn mange bønder frykta, men innretninga er diametralt motsett enn bøndene sitt krav. Landbruksorganisasjonane prioriterte i år mindre bruk i distrikta. Det gjer definitivt ikkjestaten sitt tilbod.
Venstre og KrF
Professor Lønning trur at Listhaug, etter å ha sett sitt ideologiske bumerke på produktet, først og fremst har tenkt stortingsbehandling og tilhøve til støttepartia Venstre og KrF:
– Dette er ikkje eit utspel som inviterer til avtale med landbruksorganisasjonane. Desse tok konflikt på eit tilbod som var mange gongar større for to år sidan, og vil få store vanskar med å få eigne medlemmer til å akseptera det som no er lagt fram. Og det sjølv om departementet skulle ha nokre millionar ekstra å leggja i potten. Derimot er dette tilbodet akkurat så bra – eller så lite dårleg, ettersom ein ser det – at det kan koma til å gå gjennom i Stortinget. Verken KrF eller Venstre vil vel jubla til det som no er lagt fram, men det spørst likevel om dei ser seg tente med å gå til det drastiske – og uprøvde – steget å stemma det ned nårdet kjem frå regjeringa til Stortinget.
– Tilbodet vitnar kanskje om ein kløktig partipolitikar, men også om ein statsråd som i alle fall ikkje får ein lettare dialog med landbruksnæringa i tida framover,avsluttar Lønning.