Ny epoke for protestar i samiske område?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny epoke for protestar?

Laurdag 8. februar marsjerer 500 menneske ned dei tomme gatene i Jokkmokk, Sverige. Vegane, som er rydda for vintermarknaden, turistar og ein og anna bøling med rein, er no fylt av ropa: ‘Kva vil vi ha? Inga gruverdrift! Kortid vil vi ha det? No!’.

Demonstrasjonen markerte det andre jubileet for rørsla «Gruvfritt Jokkmokk». I Lappland i Sverige samlar ein koalisjon av reinsdyrgjetarar, miljøaktivistar og andre lokale innbyggjarar seg til kamp mot eit nytt gruvedriftsprosjekt. Aktivismen flyt over grensa til Finnmark, der innbyggjarar debatterer lokale gruvedriftsplanar.

Rørsla kombinerer Facebook-aktivisme med demonstrasjonar. Målet er både å kjempe mot utgravinga av eit dagbrot for jernmalmi Kallak (Gállok på samisk) nord for Jokkmokk, og å arbeide for å endre det svenske minerallovverket. Aktivistane sine teknikkar haustar veksande interesse blant nordmenn.

LES OGSÅ:Etikk framfor profitt

– Kva lokale folk?
Det heile byrja med ein særleg fornærmande kommentar frå administrerande direktør i det britiske selskapet Beowulf Mining, Clive Sinclair-Poulton. Då han presenterte Kallak-prosjektet til investorar i Stockholm for over to år sidan og tida var inne for å ta føre seg synspunkta til lokale innbyggjarar, synte han eit bilete på skjermen. Biletet viste unge furu- og bjørketre i ei steinete fjellside, langs ein lang blå innsjø.

Kva lokale folk? spurde direktøren.

Svaret frå innbyggjarane i Jokkmokk kom under den neste vintermarknaden i byen. Dei konstruerte ein halvsirkulær vegg av snø, som strakk seg fleire meter i veret og synte bilete av lokale innbyggjarar som stira rett i kamera. «Kva lokale folk?» stod det på skilt langs veggen. Året etter arrangerte dei ein ny protest, og førre sommar sette dei kurs mot skoganekring sjølve Kallak.

Ein mellombels leir vaks fram langs vegen som leier til utgravingsområdet. Demonstrantane bygde barrikadar av furu for å hindre køyretøy i å kome fram. Over to månadar, trass seks intervensjonar frå politiet og over ti arrestasjonar, freista lokale innbyggjarar, reinsdyrgjetararog miljøaktivistar å hindre selskapet i å få tilgang til området.

LES OGSÅ:Fleire bur i samiske område

Internett er ei viktig plattform
Sjølv om rørsla openbart har ført til mykje dramatikk i det verkelege liv, går størsteparten av debatten føre seg på nett, mellom dei to Facebook-sidene ”Gruvefritt Jokkmokk” og ”Ja til gruveetableringen i Jokkmokk”. Videoar og bilete frå demonstrasjonane vert også lagt ut på sidene. Lokale leiarar meiner Facebook er ei svært nyttig plattform for kampen.

Politikar Henrik Blind i Miljøpartiet dei grøne i Jokkmokk, som har blitt den uoffisielle talspersonen for rørsla, forklarar at sosiale medium passar den ustrukturerte koalisjonen.

– Vi vil at folk skal kjenne seg frie, seier han.

– Facebook, Instagram og Twitter lar gruppa koordinere seg utan at ein formelt knyter seg til ei interessegruppe eller eit politisk parti. Det sparar også pengar. Til og med brosjyrar kostar, seier Blind.

Det er også ein tredje føremon ved å protestere online. Nettbaserte plattformar lagar rom for ei anna type deltaking.

– Folk kan tenkje sjølv – dei gode bileta seier mykje utan ord, seier Blind.

– Dette er ei type tilnærming som aktørar i lokalt næringsliv kan støtte, som Matti Holmgren, som eig eit turselskap basert i Jokkmokk. Gruvene vil skade hans arbeid, ikkje berre reindrifta.

LES OGSÅ:Bur de i lavvo med parabol og internett?

Del av noko større
Prosjekt som det i Kallak skapar problem for reindrifta, fordi dei blokkerer viktige migrasjonsruter, hindrar tilgang til kalvingsområder, konstruerer vegar som forstyrrar og avbryt flyttinga av dyra, og kan foureine miljøet. Desse er lokale problem, men motstanden mot dei er del av eit veksande mønster.

– I byrjinga kjende vi oss veldig åleine. Då aktivistar frå andre delar av Sverige kom til, fekk vi positiv energi. Vi kjende oss som del av noko større, seier Blind.

Dette ‘noko større’ har byrja å krysse grensa til Noreg. Aktivistar frå Jokkmokk reiser over grensa, syner bilete og videoar, og fortel om kampane i Sverige. Dei har besøkt Kautokeino fleire gongar, der debatten om to gruveprosjekt i Finnmark stadig vert heitare.

Mange i Kautokeino følgde allereie hendingane i Jokkmokk tett. Nokre har vener eller slektningar som kan bli direkte råka av gruveprosjekta, slik som Miriam Länta.

Länta bur i Kautokeino og arbeider ved den samiske høgskolen, Sámi allaskuvla. Faren og broren hennar driv med rein i distriktet der Kallak ligg. Både Länta og mora hennar marsjerte saman med over tre hundre andre i ein protest i Stockholm i oktober, og på ny under vintermarknaden i februar. Som mange andre frå familier som driv med rein, fortel ho at ho ikkje ville kome på å protestere om det ikkje var for aktivistane. No har Länta sjølv blitt ein av aktivistane, ikkje berre i Sverige, men også i Noreg.

Länta håpar aktivismen kan vere byrjinga på ein ny epoke for protestar.

– Hendingane i Jokkmokk syner at det er mogleg å seie nei, seier ho.

At samiske reinsdyrgjetarartek eit standpunkt har subtile effektar, men dei strekkjer seg langt.

– Det er på ein måte lite, men som når eit tre byrjar å vekse kan du sjå teikna. Noko er på gong i det samiske samfunnet, seier Länta.

QUIZ: Kva veit du om samar og samisk kultur?

Også gruveselskapa følgjer med
Folk som er imot gruvedrift i Finnmark er ikkje åleine i kaste blikk mot hendingane i Sverige. Jan Ole Buljo, som vart hyra som konsulent i Kautokeino for selskapet Arctic Gold, som er eit av selskapa som føreslår gruveoperasjonar nær byen, har også følgt nøye med på Jokkmokk.

Buljo har studert Facebook-debatten for å hjelpe Arctic Gold frå å gjere dei same feila som Beowulf. På noverande tidspunkt er prosjektet i Finnmark blitt stogga av lokale myndigheiter i Kautokeino.

Men sjølv om ikkje Arctic Gold får byrje å grave enno, vart ein annan omstridd gruveplan i Finnmark godkjent av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i mars. Ein demonstrasjon mot avgjersla fann stad i Oslo same månad, og ein annan er planlagt i Hammerfest i juni. Samstundes er det på ny folk i leiren i Kallak. Kanskje er det ikkje noko direkte samanheng mellom desse hendingane, men det er likevel tydeleg at ei uformell og transnasjonal rørsle mot gruvedrift er i vekst.

Veks utover enkeltbyar
Tilbake på vintermarknaden i Jokkmokk i februar byrjar protestane å løyse seg opp etter eit par timar. Musikarar spelar framleis på trappene ved Folkets Hus, men mange deltakarar har returnert til dagens arbeid og til marknaden. Ei kvinne går forbi og roper “go mines!”. Sonen hennar, som går framføre henne, ber henne vere stille. Kvinna, som vil vere anonym, seier at om ho snakka meir offentleg mot gruvedrift så trur ho at ho ‘nesten ville blitt skutt’. Ho meiner Jokkmokk treng jobbar, og om desse må kome frå gruvedrift, så får det vere slik.

Debatten om gruvedrift veks utanfor politikken i enkeltbyar. Som Blind seier:

– Å seie at dette berre er eit lokalt problem er det same som å seie at kjernekraft er lokalt.

Uansett kva side ein står på når det kjem til gruvedrift, så er blikka retta mot Jokkmokk – sjølv om det berre skulle vere på Facebook.