– Kongen øydela grunnlovsreform

Greip inn bak lukka porter på Slottet, ifølgje ny bok.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kongen øydela

Kong Harald «dikterte korleis grunnlovsparagrafen skulle sjå ut» da vedkjenningsplikta vart ståande uendra i forkant av stat/kyrkje-forliket, hevdar kommentator Kjetil Alstadheim i ei ny bok.

Sjølv om kongen for lenge sidan mista vetoretten i grunnlovssaker, hadde kong Harald ved fleire høve uttrykt at han ønskte å halde på vedkjenningsplikta, hevdar Dagens Næringsliv-kommentatoren i boka.

Da Stortinget i 2008 vedtok å skilje staten og kyrkja, dreiv kongen ei utidig politisk lobbyverksemd da han inviterte daverande kyrkjeminister Trond Giske (Ap) til Slottet, ifølgje Alstadheim.

Det skriv Vårt Land i samband med utgivinga av Alstadheim-boka «Republikken Norge: Om hvorfor vi fortsatt har konge – og hva vi kan få i stedet».

– Han greip inn i ein av dei viktigaste grunnlovsreformene sidan 1814. Bak lukka porter på Slottet dikterte han korleis grunnlovsparagrafen skulle sjå ut. Dei folkevalde gav seg utan den minste motstand. Det var ei pinleg stund for det norske folkestyret, skriv Alstadheim i boka.

Fleire medium omtalte Giske-besøket hos kongen, men ingen kritiserte det, ifølgje Alstadheim. Han viser til at Gjønnes-utvalet tilrådde å fjerne vedkjenningsplikta og hevdar det var stort fleirtal for dette på Stortinget. (©NPK)

LES OGSÅ: Grunnlova kjem på nynorsk