– Smerta blir ikkje borte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Inni meg slit eg framleis

– Eg kan plutseleg bryta saman og gråta, eg får tankar om sjølvskading, eg får lyst å klora meg sjølve, riva meg i håret eller slå hovudet mot noko hardt, fortel ho.

– Eg har det bra i dag, men inni meg slit eg framleis og held nesten ikkje ut, seier 14 år gamle Sarah Jul-Rasmussen.

Etter fleire år med mobbing, på to forskjellige barneskular, blei redninga for Sarah til slutt å skifta klasse.

Flytta til Norge

Ho kom med familien til Norge som 9-åring, og rakk akkurat å få med seg 3 veker på Alversund skule før sommarferien starta. Klassen tok godt i mot ho, men då skulen starta opp igjen etter ferien, begynte ting å endra seg.

– Eg blei utsett for utestenging, baksnakking og dritslenging, fortel Sarah.

LES OGSÅ: «Det var ikkje kult å bli mobba verken for storleik eller religion»

Det gjekk mykje på utsjånad, men også andre ting. Mobbinga blei raskt ein del av kvardagen til Sarah. Heldigvis hadde ho to venninner som støtta ho i den vanskelege tida.

Ny skule

Då familien kjøpte hus på Lindås, byta Sarah skule, og begynte på Lindås barneskule. Der gjekk det bra i byrjinga, men etter kvart begynte mobbinga igjen.

– Denne gongen vart det mykje meir alvorleg. Eg fekk stygge kommentarar slengt til meg, eg blei baksnakka, og vart utestengt frå det sosiale. I tillegg utvikla mobbinga seg til å bli meir fysisk. Dei kunne spenna bein på meg, kasta viskelêr og slike ting, fortel Sarah.

Denne gongen tok læraren affære. Han ringde heim til foreldra til Sarah, og fortalde at ho blei mobba på skulen. Det blei arrangert møte mellom foreldra til Sarah og foreldre til elevar i klassen som mobba. Far til Sarah opplevde desse møta som positive, men, det var likevel ikkje heilt uproblematisk.

– Det var ein del av dei føresette som nekta på at barnet deira mobba, og som ikkje tok det alvorleg nok. Vi vil oppfordre alle foreldre om å ta det seriøst om dei blir informert om at barnet deira er ein mobbar, seier Jul-Rasmusen.

LES OGSÅ: Seier nei til mobbe- app

Desse møta saman med klassemøte som læraren hadde, betra situasjonen ei stund, men ikkje lenge etterpå var mobbinga i full gang igjen.

– Eg bygde opp ein mur rundt meg, og sa ikkje noko om det heime. Eg ville ikkje at foreldra mine skulle bli lei seg, fortel Sarah.

Mobbinga vart så ekstrem til slutt, at læraren ringde heim til foreldra til Sarah ein gong til. Far til Sarah, Jan Jul-Rasmusen hugsar godt den samtalen.

– Læraren var blitt svært bekymra, og såg at Sarah ikkje hadde det bra. Han visste ikkje anna råd, og føreslo at ho burde byta klasse, fortel han.

LES OGSÅ: Lindås er best på MOT i heile landet

Det blei redninga for Sarah.

Det beste som kunne skjedd

Dagen etter gjekk Sarah sjølv til rektor ved skulen, og sa at ho ville byta klasse.

– Dersom ikkje eg hadde gjort det, hadde eg ikkje hatt det så bra som eg har det i dag, fortel Sarah.

Men likevel slit ho. År med mobbing har sett djupe spor, og ho slit med psykiske vanskar.

– Sjølv om eg har det bra i dag, slit eg inni meg. Eg går med ei smerte på innsida som ikkje vil bli borte, seier Sarah.

LES OGSÅ: Laga musikkvideo mot mobbing

Sjølvmordstankar og sjølvskading har vore ein måte for Sarah og handtera smerta på. I tillegg slit ho med depresjon.

– Eg kan plutseleg bryta saman og gråta, eg får tankar om sjølvskading, eg får lyst å klora meg sjølve, riva meg i håret eller slå hovudet mot noko hardt, fortel ho.

Viktig å stå fram

Sarah skildrar seg sjølve som ein typisk perfeksjonist. Ho set høge krav til seg sjølve og sine prestasjonar, og elskar å synga, skriva, spela skodespel og vera kreativ. Ho er heller ikkje redd for rampelyset.

Prøver å få hjelp

For ikkje lenge sidan leste Sarah ein artikkel om mobbe-ofre som ikkje får oppfølging og hjelp etter mobbinga. Det fekk ho til å reagera.

– Dersom eg hadde fått hjelp til å komma meg på beina igjen etter mobbinga, ville eg kanskje hatt det betre no. Det verkar som ein trur at problemet er løyst når mobbinga tar slutt, men det stemmer ikkje, seier Sarah.

LES OGSÅ: – Har du oversikt over kva borna dine møter på i cyberspace?

Sjølv har ho prøvd å få hjelp med problema sine, men har nett blitt avvist av BUP fordi dei meiner at ho ikkje er sjuk nok. No har Sarah begynt å gå til psykolog. I tillegg bloggar ho om korleis ho har det.

– Om livshistoria mi har ein god slutt, veit eg ikkje enno. Men eg føler det er viktig for mobbeofre å dela historia sin, og difor vil eg dela min, seier Sarah.

– Det er viktig at tilvisingar til BUP inneheld all relevant informasjon som er nødvendig for å vurdere saka. Dette er ikkje alltid tilfelle, seier Monica Sture, seksjonsleiar ved BUP Nordhordland.

Ho forklarar at tilvisinga til dømes kan vera skriven av ein lege, medan det er helsesøster som har hatt kontakt med pasienten og kjenner vedkommande best.

Sture vil oppfordra alle foreldre til å sjekka kva legen har skrive i tilvisingar til BUP, før dei vert sende inn. Om nokon meiner dei får urettmessig avslag, kan dei klaga.

– Dersom tilvisingane skildrar alvorlege symptom, som sjølvmordstankar, sjølvskading og depresjon som påverkar ungdommen si daglege fungering, vil pasienten som regel bli tatt imot, seier Sture.

Ho er og kjend med at oppfølging av mobbeofre kunne vore betre i kommunane.

– Ofte er skulane og kommunen flinkast på førebygging, og det å få slutt på sjølve mobbinga, men her varierer det veldig frå kommune til kommune, seier ho.

LES SAKA I NORDHORDLAND!