Dei to neste vekene skal norske barneskuleelevar konkurrera om å hoppa mest mogleg.

NPK
NPK

Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som står bak konkurransen «Hopp for livet», som i år blir arrangert for niande gong. I år har 114.000 elevar frå halvparten av barneskulane i landet meldt seg på.

LES OGSÅ: – Aktive born mobbar mindre

Dagleg aktivitet
– Vi i Nasjonalforeningen for folkehelsen arbeider for meir aktivitet i skulekvardagen og meiner det burde vera eit klart og forpliktande mål om ein time fysisk aktivitet kvar dag for skuleelevar på alle trinn, seier generalsekretær i organisasjonen Lisbet Rugtveit.

Ho får støtte av nestleiar i helse- og omsorgskomiteen Kjersti Toppe (Sp).

– Før sommaren kjem det opp eit forslag om ein time fysisk aktivitet kvar dag. Vi håpar Stortinget vil vedta dette, sa ho til elevane då ho tysdag opna konkurransen.

Toppe minte om at det å vera fysisk aktivt er godt for både hjarte og hovudet.

– Å vera i fysisk aktivitet gjer at du unngår mange sjukdommar når du blir stor. Å hoppa tau er godt for hjartet, men du blir også smart av det og lærer betre, sa ho. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE