Først ut med øko-øl

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åra har gode handverksbryggeri med ulike og spanande øltypar etablert seg frå Lindesnes i sør til Troms i nord. Men det har vore noko som mangla på denne mangfaldige paletten: eit økologisk alternativ som bryggjer øl på den reinaste måten utan nokon kunstige tilsettingar.

Halde på i seks år

Grim & Gryt Økobryggeri A/S har blitt grunnlagd på Hareid. Det er det første økologiske handverksbryggeriet i landet. Stiftarane, Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad, har bryggja i lag dei siste seks åra og har like lenge planlagt oppstart av sitt eige handverksbryggeri. No er tida koma.

– Vi skal bryggje smaksrike øltypar utan bruk av filtrering, pasteurisering eller tilsettingsstoff. Grim & Gryt brukar utelukkande økologiske råvarer og også norsk korn i all ølen vi bryggjer. Vi fokuserer på berekraftige og miljøvenlege metodar i heile prosessen frå jord til glas, seier Øyvind Grimstad Gryt.

Støtte frå Innovasjon Norge

Bryggeriutstyr blir no bestilt og skal setjast opp sentrumsnært på Hareid. I førstninga skal Grim & Gryt levere øl lokalt på Sunnmøre og til utvalde stadar i dei største byane. Samtidig vil ein jobbe for å få ulike øl inn i Vinmonopolet sine sortiment, og då vil heile landet få tilgang til dei smaksrike norske økologiske øltypane.

Oppstarten har allereie blitt sikra ved å selje aksjar til småinvestorar som ser verdien av lokalt, økologisk kvalitetsøl, og godt over halvparten av finansieringa er no på plass. I tillegg har Grim & Gryt fått tilsegn om støtte frå Innovasjon Norge, som landets første økobryggeri.

– Målet er å kome med økologiske øl på marknaden i fjerde kvartal i år. Om det blir ei eiga juleøl i år har vi ikkje bestemt enno, men det er nok ikkje utenkeleg. Uansett kan vi seie at våre økologiske øltypar passar utmerka godt til all mat, julemat også, avsluttar Andreas Grimstad.

Les saka i Vikebladet!