Frp seier nei til Oslo-OL

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spenninga var stor då Frps landsmøte sundag handsama resolusjonane om OL frå Sogn og Fjordane Frp og Troms Frp om å seia nei til ein statsgaranti til eit Oslo-OL i 2022. Det endelege resultatet vart at landsmøtet mot berre 72 stemmer gjekk mot ein statsgaranti.

Eit fleirtal i redaksjonskomiteen rådde til at landsmøtet sa eit endeleg nei allereie no, medan eit mindretal rådde til partiet å vente med handsaminga til detaljane i søknaden om statsgaranti var klare og nøye gjennomgått.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, har vore ein av initiativtakarane til resolusjonen mot ein statsgaranti. Han seier han er nøgd med at landsmøtet fekk det endelege ordet i eit så viktig spørsmål.

Ein av dei største Frp-forkjemparane for eit OL i 2022, stortingsrepresentant Ib Thomsen, seier han er glad for den breie debatten partiet har hatt om saka.

– No vil stortingsgruppen følgje opp vedtaket til landsmøtet, seier Thomsen.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?