– Må hindre auka forskjellar mellom folk
Stortingsrepresentant Else May Botten åtvara mot auka forskjellar mellom folk i 1. mai-talen i Ørsta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noreg treng framleis ei sterk og nytenkjande arbeidarrørsle. Det gjer vi fordi vi må motverke ei utvikling med aukande samfunnsskadelege, økonomiske forskjellar. Det siste vi treng, er Høgre/Frp-politikk for auka skilnader.
Det sa stortingsrepresentant Else May Botten i 1. mai-talen ho heldt i Ørsta torsdag.
Forskjellar
Mykje av talen til Botten handla om det ho meiner er ein trend med aukande forskjellar mellom folk.
– Det er dokumentert at skilnadene no aukar i den vestlege verda. Det er fordi dei som sit på kapital og store formuer konsekvent tener meir enn dei som arbeider for løn eller skaper bedrifter. Kva ein arvar vert stadig viktigare, medan eigen innsats og kva ein sjølv skaper får mindre å seie.
– Vi er i ferd med å nærme oss skilnadene vi såg på slutten av 1800-talet, sa Botten, og brukte den franske økonomen Thomas Piketty som kjelde for denne påstanden.
For å motverke denne tendensen, meiner Botten at det trengst ei sterk arbeidarrørsle.
Aktiv næringspolitikk
– I Noreg handlar det m.a. med å ha ein aktiv næringspolitikk med fokus på Noreg sine spesielle føremoner, slik som den maritime næringa, fiskeri og oppdrett, energi og reiseliv. Vi skal ha ein landbrukspolitikk for auka matproduksjon og jordbruk over heile landet. Svaret vårt er rett og slett å ta politikken i bruk til beste for folk i heile landet, og for dei som kjem etter oss, sa Botten.
Ho meinte at Høgre/Frp-regjeringa sin politikk er motsett.
– Høgre/Frp-regjeringa si tenking er å kutte i alt som er målretta, både når det gjeld enkeltnæringar og når det gjeld geografisk fordeling. I regjeringserklæringa går dei til og med så langt som å presisere at distriktsdimensjonen må verte skilt vekk frå landbrukspolitikken, sa Botten.
Reell fridom
– Både velferdspolitikken, fordelingspolitikken og den aktive nærings- og distriktspolitikken til Arbeidarpartiet handlar til sjuande og sist om å arbeide for reell fridom for det einskilde mennesket. Det handlar om fridomen til å leve sine liv på den måten ein ynskjer, og på den staden ein ynskjer, sa Botten i talen i Ørsta.