Sekstimarskuren?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljøpartiet Dei Grøne har vedteke at sekstimarsdagen skal vere eitt av deira viktigaste satsingsområder framover. Dei ser det som eit miljøtiltak, i tillegg til eit tiltak som kan betre folks livskvalitet.

LES OGSÅ: Auka arbeidsløyse

Gamalt forslag
Allereie på 1930-talet vart sekstimarsdagen presentert som ei løysing på arbeidsløysa, ifølgje forkjempar Ebba Wergeland i Arbeidstilsynet. Legen og forskaren ser det som eit middel for å halde folk i arbeid lenger.

Andre meiner at sekstimarsarbeidsdag kan føre til betre likestilling på arbeidsmarknaden og mindre sjukemeldingar. Tidlegare LO-leiar Gerd Liv Valla og no Hans Geelmuydener mellom dei somhar snakka varmt om ideen.

Men er seks timar om dagen ein kur for alt? Og kan me tillate oss å arbeide mindre?

Me har høyrt kva ungdomspolitikarane – framtidas politikarar for framtidas arbeidarar – meiner.

LES OGSÅ: Treng 60.000 nye lærarar i 2030

Grøn tankegong
Grøn Ungdom meiner det er viktig å leggje til rette for kortare arbeidstid.

– Omgrepet sekstimarsdagen brukast ofte av fagrørsla, og då med eit premiss om full lønskompensasjon. Det er eit krav Grøn Ungdom ikkje støttar, presiserer talsperson Ingrid Ophaug Dahl, og legg til:

– Vårt langsiktige mål er at ein legg til rette for kortare arbeidstid og meir fritid – heller enn høgare løn.

Ho peikar på jorda sine avgrensa ressursar som eit viktig argument for kortare arbeidstid.

– Om fleire arbeidstakarar får moglegheit til å ta ut meir fritid, heller enn auka løn, kan dette vere med på å bidra til mindre materielt forbruk. Alle kan ikkje ha det same forbruket som oss nordmenn, då hadde vi trengt minst tre jordklodar. Om vi skal kunne dele dei knappe ressursane vi har rettferdig mellom menneska på jorda, og ikkje minst generasjonane som kjem etter oss, er det heilt naudsynt å få ned det materielle forbruket, meiner Ophaug Dahl.

Ho meiner at det i vårt samfunn ikkje lenger er noko samanheng mellom auka lukke og vekst i materielt forbruk og at me må ta debatten om lukke eit steg vidare.

– Kva er det som gjer folk lukkelegare? Er det meir kjøpekraft, eller meir tid med familie og vener? Eg held ein knapp på det siste.

– Er det nokre ulemper?

– SSB sa i sin rapport at det samla skattenivået må auke med omlag ti prosent, om me skal kunne gå ned til seks timar innan 2060. Men eg ser ikkje på dette med stor uro, svarar talspersonen i Grøn Ungdom.

Ho trur me framleis vil ha pengar nok att og at me må akseptere at tida for stor vekst i kjøpekraft er forbi.  

– Korleis kan me arbeide mindre og samstundes oppretthalde velferdsstaten når eldrebølgja kjem?

– Ei tilrettelegging for kortare arbeidstid vil føra til eit meir inkluderande arbeidsliv, der fleire kan vere med på verdiskapinga –og i omsorgsyrka, svarar Ophaug Dahl.

Ho vonar at fleire vert lenger i arbeid og kanskje vil fleire vil bruke tid på til dømes å ta vare på dei eldre utanfor arbeidstida.   

– Perspektivmeldinga som den førre regjeringa låg fram, seier at vi har råd til å tredoble vårt private forbruk innan 2060, men ikkje råd til å jobbe mindre. Dette heng jo ikkje på greip!

LES OGSÅ: – Noreg er minst dårleg i klassen

Raud støtte til kutt
Partiet Raudt seier i arbeidsprogrammet sitt at: «Det er på høy tid å kreve en halv time kortere daglig arbeidstid. Målet er sekstimersdagen med full lønnskompensasjon…»

– Me i Raud Ungdom meiner at sekstimarsdagen er ein god idé, slår leiar Linn-Elise Øhn Mehlen fast.

– Det er både som miljøtiltak, fordi me ikkje kan fortsetje med den lønnsveksten me har hatt, og det forbruket det fører til, men òg som eit kvinnepolitisk tiltak. Det kan føre til likare løn og at kvinner i typiske kvinneyrker, som helse og omsorgssektoren, kan stå i arbeid heilt til pensjonsalderen, trur ungdomspolitikaren.

Fram til sekstimarsdagen vert innført vil Raud Ungdom arbeide for reduksjon i arbeidstida.

– Forsøk med sekstimarsdagen syner at det har fungert både i industrien og i typiske kvinneyrker, men ein kan gjerne setje i gong meir omfattande forsøk, meiner Øhn Mehlen.

Leiaren i Raud Ungdom meiner at me kan byrje med sekstimarsdagen allereie no, og at 2018, som er målsettinga sekstimarsdagen-kampanjen har sett seg, kan vere eit godt utgangspunkt.

– Problemet med sekstimarsdagen er at det er få som har våga å snakke om det og løfte det fram som eit seriøst forslag. Det trur eg er fordi mange kan sjå på det som eit urealistisk og populistisk forslag, trass i at forsøk syner at det ikkje er det.

Opp til fagrørsla
Òg SV har nemnt sekstimarsdagen i sitt arbeidsprogram. Dei vil ha nye langvarige prøveordningar med kortare arbeidsdagar. I tillegg gjekk dei inn for at arbeidsmiljølova skal senke bestemminga om 40 timars veke til 37,5, altså det same som Raudt går inn for.

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Andreas Halse, seier seg einig med RU i at sekstimarsdagen kan vere ein god idé innafor tunge sektorar, som helse og omsorg, slik at arbeidarane slepp å gå ned i stilling.  

– Eg er likevel ikkje overbevist om at det er ei god løysing på alle område. Eg ser til dømes ikkje for meg ein sekstimars rotasjon i Nordsjøen, seier Halse.

Halse meiner at om me skal verte løna for auka produksjon gjennom fritid, framfor løn, er det eit forslag som må kome frå fagrørsla framfor politikarane.

– Det er ikkje eit vedtak som kan gjerast på Stortinget over natta, men om fleire prøver det ut og ein ser at det fungerer bra, vil nok fleire følgje etter. Men for nokre i lågtløna yrker kan det verke urimeleg. For det er faktisk mange i Noreg i dag, som treng aukt kjøpekraft, peikar sosialisten på.

LES OGSÅ: Kvar gong Cecilie er på jobb, tener Noreg millionar

– Jobbe meir
Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy meiner sekstimarsdagen er ein veldig dårleg idé.

– For det første er forslaget urealistisk. Samfunnet går ikkje rundt med sekstimarsdagen. Eventuelt vil det innebere ein drastisk nedgang i løn, som eg tvilar på at ein er viljug til å gå med på. For det andre syner Perspektivmeldinga at vi må jobbe meir, ikkje mindre. Ettersom trenden allereie at vi arbeider mindre når vi tenar meir, vil denne utviklinga til ein viss grad gå av seg sjølv. Då meiner eg det er politikarane sin jobb å leggje til rette for dei som ikkje vil jobbe mindre.

LES OGSÅ: Åtvarar mot større forskjellar

– Å tru på julenissen
– Om dei meiner at folk skal jobbe mindre og tene like mykje, vil det svekka konkurranseevna til norske bedrifter, meiner leiar i FpU, Atle Simonsen, som òg peikar på offentlege utval som seier me må jobbe meir, spesielt med tanke på eldrebølgja.

– Fram mot 2040 vil mangle 57.000 helsefagarbeidarar og 28.000 sjukepleiarar. Om dei tillegg meiner me skal jobbe mindre, er det ein utopi og å tru på julenissen, seier Simonsen, som støttar seg på tal frå SSB.  

Han peikar òg på at me vil måtte skatte meir i framtida, for å oppretthalde dagens velferdsstat.

Simonsen peikar på at forsøk i kommunane Oslo, Stockholm og Kiruna ikkje syner at sekstimarsdagen fører til mindre sjukefråvær. Han har fått med seg at Tine-konsernet har hatt positive resultat med sekstimarsdag, utan at effektiviteten har gått ned.

– Det ser eg som eit teikn på at dei tilsette gjorde ting dei ikkje skulle i arbeidstida, seier Simonsen.