Vil redda unge liv i trafikken

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange ungdommar har heilt feil haldning til trafikken, det vil me endre, fortel Gunvor Aarvik, dagleg leiar i ungdomsbedrifta X-traffic.

Dei er seks jenter, som med unnatak av ein tredjeklassing, går VG2 studiespesialisering på Odda vidaregåande skule.

I dag representerer ungdomsbedrifta Hordaland i NM for ungdomsbedrifter, som går føre seg i Lillestrøm 29.-30. april. 

173 bedrifter frå heile landet konkurrerer i uklike kategoriar, men frå kvart fylke er det valt ein fylkesvinnar som får konkurrere om NM-tittelen for ungdomsbedrifter.

LES OGSÅ: Vann NM med song dans og sprell

Førebyggjande livredning
Heile 190 menneskjer missa livet i trafikken i fjor, noko som er ei auke på 31 prosent frå 2012. Sidan 2009 har talet på trafikkdrepne gått jamt nedover i Noreg og før den kraftige auken i 2013, ifølgje Trygg Trafikk.

– Desse tala bør gå an å få ned. Det er så mange unødvendige dødsfall, konstaterer Aarvik.

X-Traffic UB arbeider med trafikktryggleik. Dette gjer dei i samarbeid med Trygg Trafikk,Statens vegvesen, Hordaland Fylkeskommune og politiet. Fokuset ligg spesielt på ungdom. Målet er å redda liv.

Jentene har hatt spørjeundersøkingar blant elevar og føredrag i skulen. Spesielt sterkt inntrykk gjorde det når foreldra til ein tidlegare elev ved Odda vidaregåande skule fortalte om tapet av sonen, som omkom då han sat på med ein som køyrde i fylla.

LES OGSÅ: Unge kvinner fryktar ulykker i trafikken

Selesvikt
Trafikk er den vanlegaste dødsårsaka blant ungdom i alderen 15-24 år. Denne gruppa står for berre sju prosent av bilkøyringa, men utgjer 20 prosent av dei som missar livet i trafikken.

Det dreier seg ofte om utforkøyringar i høg hastigheit på nattetid i helgane.

Aarvik oppmodar alle om å vere forsiktige i trafikken og ikkje tøye grenser.

Ho trur ikkje trafikkhaldningane blant dei unge i Odda skil seg frå resten av landet.

– Det er mange som ikkje plar ha på seg sele, noko som er heilt naturleg for meg. Eg kjenner meg naken utan. Ungdom er heller ikkje flinke til å seie ifrå, men jentene er flinkare enn gutane, forklarar Aarvik, og legg til:

– Mange tenkjer på at om dei får problem med politiet, kan dei ikkje reise til USA og gjere alt dei vil. Dei gløymer at om ein vert lam frå livet og ned kan ein heller ikkje bevege seg fritt og gjere alt ein vil.

LES OGSÅ: Fleirtal vil ha påbod om refleks

Saka fortset under biletet.


X-traffic jentene med eigne refleksgenserar. F.v. Gunvor Aarvik, Lene Tøftestuen, Amalie Trones, Eline Jøsendal, Elise Granheim. Foto: X-traffic

Farlege nybyrjarar
Den daglege leiaren i X-traffic har hatt lappen sidan januar i år, og no har enno ei av jentene fått det etterlengta førarbeviset.

– Det er no øvingskøyringa åleine byrjar, seier Elise Granheim, personalsjef i X-traffic.

Framtida ringer ho same dag som ho har fått sertifikatet. Det er søstera som tek telefonen, sidan Elise er ute og køyrer foreldra sin nye BMW 1-serie. Den har ho fått låna sidan han er tryggare enn den gamle Mazdaen. Ho argumenterte godt for det.

– Eg kjenner meg trygg, men utlært vert ein nok aldri, seier 18-åringen, som tykkjer det var både skummelt og spanande å køyre åleine for fyrste gong.

Ho har intrykk av at mange, men ikkje alle, ferske sjåførar er ansvarlege på vegen.

– Nokon gir litt blanke faen og trur dei er verdsmeistrar med det same dei har fått lappen, fortel Granheim.

Og som sagt er ikkje læringa over for den ferske sjåføren.

– Det er viktig at me lagar oss gode vanar, for det er lett å bryte reglane og køyre litt for fort, meiner ho.

LES OGSÅ: Lanserer dataspel mot dødsulykker

Bremselengd i matten
I Hordaland missa 15 personar livet i trafikken i fjor, noko som plasserer heimfylket deira på ein trist tredjeplass, bak Buskerud og Rogaland.

Dagleg leiar Aarvik tykkjer det er rart at fokuset på ungdom bak rattet ikkje er større.

– Me er jo den farlegaste gruppa i trafikken, peikar Aarvik på.

Men endringa er på veg. Jentene har nemleg fått i oppdrag av fylkestrafikksikringsrådet i Hordaland å utarbeida eit nytt opplegg som kan nyttast på vidaregåande skular i fylket.

X-traffic er no ferdige med førsteutkastet. Og jentene tenkjer nytt.

– Ein kan ta det inn i fag, slik at ein kan skrive om trafikktryggleik i norsken og rekne bremselengd i matten, meiner Aarvik.

LES OGSÅ: Fleire mjuke trafikantar døyr i trafikken

For ungdom – av ungdom
Sjølv har dei hatt trafikktryggleiksdag på skulen. Demonstrasjonen av ein bil som løftast for så å syne eit kræsj i 80 km/t vil Aarvik alltid hugse. Jentene har òg vitja Trafikksikkerhetshallen i Hordaland, som ligg i Bergen. Det er eit tilbod Aarvik meiner fleire bør nytte.

Den daglege leiaren er ikkje i tvil om at bedrifta deira har eit aldersfortrinn.

– Me ser dette samfunnsproblemet frå ungdom sin synsvinkel. Det er lettare for oss som ungdommar å endre haldningane til ungdommar, enn for vaksne som står og snakkar. Det har dei gjort heile tida og det har ikkje fungert.