Lanserer dataspel mot dødsulykker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dataspel mot dødsulykker

Bakgrunnen for spelet er at mange unge menn kvart år døyr i trafikkulykker her i landet. I perioden 2007 til 2011 døydde 212 personar i alderen 18– 24 år i trafikkulykker på norske vegar, viser førebelse tal frå Trygg Trafikk og Statistisk sentralbyrå.

– 170 av desse var menn og 42 var kvinner. Frå tidlegare veit vi at mange unge kvinner døyr som passasjerar i bil. I desse ulykkene er det ofte ein jamaldrande mann som sit bak rattet, skriv Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Det håpar Trygg Trafikk at det nye dataspelet «Real Life Auto» skal retta på.

LES OGSÅ: Køyr bil med tankekraft

– Vi håpar spelet vil bidra til å redusera talet på drepne og hardt skadd ungdom i trafikken, seier prosjektleiar Alexander Wie Flaa i Trygg Trafikk.

Spelet er utvikla med støtte frå Gjensidige Forsikring og rettar seg spesielt mot unge menn som tek yrkesfagleg utdanning og som brukar mykje tid i bilen.

Gjennom utradisjonelle verkemiddel skal deltakarane læra meir om alt frå rus, fart, bilbelte, økonomi og forsikring, sikring av last og elektronisk utstyr i bil. Innimellom dukkar det mellom anna opp fleire filmsnuttar mellom anna om konsekvensane av eiga råkøyring og det å bli hardt skadd. Samtidig får deltakarane presentert eigne dilemmaøvingar om same tema.

LES OGSÅ: – Avgrens fridomen til unge sjåførar

Wie Flaa kallar «Real Life Auto» eit læringsprogram, og seier det er meir enn eit dataspel.

– Vi håpar dette spelet vil brukast i eit samarbeid mellom lærlingar, vidaregåande skular, bedrifter og opplæringskontor, seier han. (©NPK)

Her kan du spela spelet!

(Krev mobilnummer og ei spørjeundersøking først)