Færre blir mobba på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delen barn og unge som seier dei har opplevd nettmobbing månadleg har gått ned frå 5 til 4 prosent dei siste to åra. Dette trass i ein eksplosiv vekst i bruken av nettbrett og smarttelefonar.

Ifølgje undersøkinga til Medietilsynet for 2014 har det vorte fleire og yngre brukarar på nettet, utan at nettmobbinga har gått opp. I det siste året har 13 prosent av barn i alderen 9 til 16 år opplevd at nokon har vore stygge med dei eller mobba dei på internett eller via mobilen, 4 prosent opplevde det månadleg. Det er ein nedgang frå høvesvis 15 og 5 prosent i 2012.

– Dette undergrev sjølvsagt ikkje dei alvorlege følgjene og opplevingane dei som blir mobba eller plaga må leve med, men det seier i alle fall noko om at nettverda ikkje blir verre trass i meir og tidlegare bruk av digitale medium, seier Stian Lindbøl i Medietilsynet.

Han er seniorrådgjevar og prosjektleiar for Barn og medium-undersøkingane.

Fleire gutar enn jenter seier dei har vore stygge med eller mobba nokon, medan fleire jenter, heile 16 prosent, enn gutar opplever at nokon er stygge med dei. (©NPK)

LES OGSÅ: Enorm vekst av nettbrett og mobil