Ut mot norsk diktatoreksport

Den nye leiaren av Changemaker varslar ein ny kampanje for å avgrensa norsk våpeneksport.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hanne Sofie Lindahl (23) frå Oslo vart søndag vald til ny leiar i Changemaker. Alle dei 60 delegatane på ungdomsorganisasjonens Årssamling stod samla bak leiarvalet. 

– Eg gler meg veldig til å få leie ein herleg gjeng med kreative og kunnskapsrike ungdommar som skal få ein slutt på få slutt på norsk diktatoreksport til autoritære regime, seier Hanne Sofie Lindahl, nyvalt leiar i Changemaker.

Det siste året har Lindahl vore nestleiar i Changemaker, etter å ha hatt ulike verv i organisasjonen dei siste fem åra. Ho har elles ein bachelor i internasjonale studiar, årsstudium i utviklingsstudiar og vore eit semester i Tanzania som deltakar i utvekslingsprogrammet til Kirkens Nødhjelp.

LES OGSÅ: – Flau over å vera norsk

Diktatoreksport (våpeneksport til autoritære regime) 

Den nye regjeringa har i sin plattform forplikta seg til å ”prioritere […] menneskerettigheter, fattigdomsbekjempelse, utvikling av sivilsamfunn og godt styresett”.

– Dette samsvarer ikkje med norsk eksport til autoritære regime. Vi eksporterer krigsmateriell direkte til både Dei sameinte arabiske emirata, Qatar, Kuwait og Saudi Arabia. Desse statane er berykta for menneskerettsbrot. Tortur, kvinneundertrykking og mangel på ytringsfridom er regelen, ikkje unntaket, seier påtroppande leiar Hanne Sofie Lindahl.

I tillegg vil Changemaker vil ha meir openheit frå regjeringa om søknader om eksportlisens av krigsmateriell. Dette vil gjere det lettare for Stortinget og sivilt samfunn å vere vaktbikkjer og sørge for at det norske regelverket blir følgd. Changemaker ønsker også å opprette eit parlamentarisk råd som skal vurdere eksportlisenssøknader.

– No er det byråkratar i Utanriksdepartementet som avgjer kven vi sel våpen til. Changemaker ønsker heller å ansvarleggjere Stortinget ved å be  opprette et parlamentarisk råd for å sikre økt forankring av forvaltninga og å sikre at Noreg følgjer eige eksportregelverk, seier Lindahl.

På helgas årssamling vedtok Changemaker også å tilslutte seg Boikott Israel-kampanjen BDS, ei fråsegn for meir finansiell openheit i IOC og OL og ei fråsegn mot Marokkos okkupasjon av Vest-Sahara.