– Nulloppgjer vil føra til færre gardsbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ulemper med stordrift

Han har inga tru på løysing i årets landbruksoppgjer, der landbruks- og matminister Sylvi Listhaug varslar nullvekst i overføringane, medan bøndene krev auke på 1,5 milliardar kroner.

– Når Listhaug alt no seier at ho ikkje vil auka overføringane, skjønar ikkje eg korleis ein kan koma fram til ei løysing, seier Seim.

Han er skeptisk til Listhaug sine utspel og trur at det kjem til å verta brot.

– Då er det Stortinget som må ta avgjerda, og der trur eg nok ho møter motstand.

Stordriftsulemper

– Dersom ein skal ta att gapet til andre lønnstakarar og få auke, er landsbruksoppgjeret som vart lagt i bordet i dag realistisk. Det er i alle fall ikkje å ta hardt i, seier bonden.

– Listhaug har sjølv sagt at ho vil at me skal auka matproduksjonen, og for å gjera det, må kostnadene dekkast inn, til

dømes til kraftfôr. I dag vert det brukt meir kraftfôr enn gras på jorda for å fôra dyra. Seim er oppteken av at òg dei små gardane skal ha ei framtid.

– Me er nøydde å ta inn over oss at stordrift ikkje er løysinga i landbruket i dag. Og det er ikkje så kostnadseffektivt med store gardar som Listhaug seier.

– Dess større bruk, dess meir kraftfôr, og dess større maskiner treng ein. Og på fleire måtar er det nok dei store gardane som treng over-føringar meir enn dei små, fordi dei har høgare gjeld, analyserer Nils Martin Seim.

Færre gardar

Seim er overtydd om at dersom det ikkje vert nokon auke på budsjettet, vert det færre gardar på Voss.

– Det er den vegen det går, og eg er overtydd om at det slår ut her på Voss òg, viss det ikkje vert meir lønsamt. Landbruket i dag er slik at me brukar meir og meir kraftfôr og jorda går ut av drift. Dersom prisane på kraftfôr held fram med å stiga, vert det nesten ikkje mogleg å driva lenger, seier Seim. Som også peikar på andre ulemper med større bruk.

– Det er ei stordriftsulempe med å berre slå saman gardar. Ein må køyra lenger for å finna jord, og ofte må det store investeringar til. Ofte svarar det seg ikkje i det heile. Samdrift er

ikkje alltid den rette løysinga. Eg har merka meg at Listhaug seier ho vil ha matproduksjon i heile landet, men eg mistenkjer det er fordi det er politisk korrekt å seia det. Ho stimulerer dei som vil ut av næringa meir.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Familiebruk

I fjor haust overtok han garden på Seim, der han, kona Anita og tre små born bur.

I fjoset står det kyr og sau.

– Dette er eit prøveår for oss, der me ser korleis det utviklar seg.

For familien Seim er det viktig at heile familien er med.

– Det å involvera borna i å ta del i arbeidet på garden er ein del av det. Det vert ein livsstil, seier Anita Furevikstrand.

Det å vera nær naturen, ha nær kontakt med dyra og jorda, er verdiar som dei set høgt.

– Det gjev verdiar som ein ikkje får elles, og som for oss er viktige. Ikkje minst er det viktig for klimaet sin del å ta vare på jorda. No kjøper me kraftfôr frå land som eigenteleg har bruk for det sjølv, i staden for å dyrka vår eiga jord. Landbruket kan ikkje styrast av marknadskrefter, og eg får ikkje Listhaug sine visjonar for norsk landbruk til å stemma i det heile. Eg ser ikkje korleis hennar visjon har noko rot i verkelegheita.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!