– Eg har det rett og slett for bra

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gratulerer med førstepremien for essayet ditt om ytringsfridom! Korleis er det å vinna?

– Kjempefint. Det er artig å få slik heider frå fagfolk.

Kva fekk deg til å skriva om ytringsfridom ?

– Eg byrja å skriva med utgangspunkt i meg sjølv. Eg gjekk inn på internett og ytringsfridom og korleis det er å vera ungdom i dag.

Kritiserer norsk ungdom
I essayet skriv ho mellom anna:

«Eg kan gje bort fritida mi for å fremme ei sak som er større enn meg sjølv, som eg veit er riktig! Så kjem eg på kvar eg bur. Eg kjem på kor gamal eg er, kor heldig eg er, og kor lite aktuell den saka eg har lese om er her i nærområdet, eller i heile Noreg for den del. Eg har det rett og slett for bra.»

Ifølgje juryen til Fritt Ord er essayet hennar det einaste bidrageti årets konkurranse der innsendaren tematiserer sin eigen – og ungdommens – passivitet i dag. Teksten har ein tydeleg kritisk tone og det er ikkje vonde makter i andre land ho kritiserer, men altså vanlege norske ungdommar.

Juryen skriv mellom anna: «Essayet tar for seg ytringanes vilkår i internettets tidsalder og særleg "inflasjonsparadokset"; det at auka ytringsfridom kan føra til lågare engasjement. Teknologien har gjort det lettare å ytra seg, men samtidig mindre forpliktande. »

Til Framtida.no seier ho at ho ikkje trur ungdom i dag er mindre engasjerte enn tidlegare. Men alt blir tydelegare no når me har internett. Også dei som er mindre engasjerte.

Kva trur du skal til for at fleire ungdommar skal bli engasjert i eit parti eller ein organisasjon?

– Det er viktig at ein pratar på ein forståeleg måte og at det er saker som folk er engasjerte i, og som treff. Når det gjeld lokale saker, er det lett å bli engasjert. Ungdom er allereie engasjert.

Med internett er det enklare å organisera seg, meiner Åshild Slåen.

– Uttrykkjer meg best på nynorsk
I essayet kjem ho òg inn på engasjementet hennar for nynorsk.

– Eg synest det er fint å skriva på nynorsk. Det er den beste måten eg uttrykkjer meg på.

Ho legg til at ho likar å lesa bøker på nynorsk, òg utanlandske bøker.

– Det verkar som om omsetjarane legg meir arbeid i det når det kjem på nynorsk, seier ho.

Åshild Slåen er sjølv glad i å skriva.

– Det vekslar mest mellom dikt og forteljing, seier ho.

I fjor vart ho månadens ungdomspoet i Skolekammeret i Dagbladet.

Til hausten går vegen til litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo.

– Kva kan du tenkja deg å jobba med i framtida?

– Eg kan tenkja meg å jobba med litteratur på ein eller annan måte, seier ho. Draumen er å bli forfattar.

Les vinnaressayet her!