Medan du går på påsketur, sit desse klare for å få deg vel heim att.

Lisa Maria Breistein Sølvberg, Avisa Hordaland
Lisa Maria Breistein Sølvberg, Avisa Hordaland

 På eit kontor på Myrkdalen Hotel sit Halvor Jensen, Geir Zachariassen, Vilde Hamre og Håvard Hongve Helle. Dei brukar påsken på å arbeida frivillig under Hordaland Røde Kors.

Det er 30 hjelpekorps i Hordaland, og kring 100 personar i fylket brukar påsken sin på frivillig arbeid for Røde Kors.

LES OGSÅ: Mindre til frivillige barn og unge 

Viktig jobb
– Om den informasjonen og jobben me gjer kan vera med på å redda eit liv så er det god nok betaling, forklarer Zachariasssen.

– Det er utruleg gjevande å bidra til at alt går rundt og fungerer, legg Jensen til.

– Arbeidet me gjer er så viktig at det ikkje er noko alternativ, det er ingen andre som gjer jobben me gjer. Noreg er dønn avhengig av frivillige, seier Zachariassen.

Kontoret deira fungerer som informasjonssentral i påsken og det er her dei ulike hjelpekorpsa rapporterer inn. Herfrå koordinerer dei aksjonane som pågår. Dei samarbeider også med Skipatruljen, og saman er dei budde på det meste som kan skje i påsken.

LES OGSÅ: Røde kors krev betaling til frivillige 

Mindre skadar i år
Dei er alle einige om at folk har vorte mykje flinkare på å tenkja sikring, også i påsken.

– Folk er flinkare på å bruka hjelm enn før, no er det særs få som står utan. Det er faktisk veldig få skadar i skianlegga, dei skadane me får melding om skjer oftast utanfor anlegga, fortel Jensen.

Påsken plar vera ei tid der det vert mykje jobb for Røde Kors, men i år har det vore mindre skadar enn tidlegare.

– Noko av årsaka er det at påsken er sein i år. Det er mindre snø og ein del er ferdige med skisesongen. Men eg trur også det har med haldningsendringar å gjera, folk er flinkare til å ta fornuftige avgjerder, seier Zachariassen.

Obs på vêrskiftet
Trass i betre fjellvit hjå folk flest kan ein alltid verta betre, meiner dei.

– Eg trur dei aller fleste i dag kan fjellvit-reglane, men så «skal dei berre ut på ein times fjelltur i det fine vêret». Når det er så fint vêr som no så er det grådig lett å berre ta på seg ei t-skjorte og gå innover fjellheimen. Men plutseleg kjem vêromslaget, temperaturen går ned og sika er lik null. Det er då ulukkene skjer, forklarer Jensen.

Dette er ein av dei største feilane folk gjer. Og det berømmelege vêrskiftet kan også koma til flinke fjellfolk, understrekar Jensen. Han og dei andre i Hordaland Røde Kors oppfordrar folk til å fortelja kvar ein går og halda seg til avtalane ein lagar.

– Det skjer ofte at me må rykkja ut fordi nokon ikkje har halde seg til avtalen dei laga. Dei har til dømes berre tatt ei ekstra overnatting, fortel Zachariassen.

– Pakk sekken
Det er også viktig å vera budd på vêrskiftet, forklarer dei. Difor anbefalar dei å ta med seg ein sekk med spade, litt mat, turre klede – og gjerne ein Jerven-fjellduk.

Eit anna råd er å alltid fylgja med på vêrmeldinga før ein legg ut på tur.

– Og hugs solbriller og solkrem, seier Helle.

Saka var først publisert i Avisa Hordaland. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE