Røde Kors krev betaling til frivillige
Alle som er med frivillig på leiteaksjonar bør få kompensasjon for tapt arbeidsforteneste meiner Røde Kors.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Skal vi gje befolkninga i Noreg ein skikkeleg beredskap må vi faktisk sikra at vi får nok folk ut, seier Jahn Petter Berntsen, leiar for Hordaland Røde Kors Hjelpekorps til NRK.
I dag er det berre offentleg tilsette som får godtgjersle for å vera med i frivillig arbeid. Folk som arbeider i privat næringsliv må betala.
Leiaren for Hordaland Røde Kors Hjelpekorps meiner det må vera eit statleg ansvar å gje alle kompensasjon for slik innsats.
– Dette må vera eit regjeringsansvar – for vi gjer dette på vegner av fellesskapen, seier han.
Røde Kors får støtte av Framstegspartiet.
– Det er jo ikkje slik at folk kan bestemma om det passar best å rykkja ut i arbeidstida eller på fritida, seier stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen. (©NPK)
Er det på tide at frivillige får betalt for tapt arbeidsforteneste når dei er med på hjelpeaksjonar?