I dei gamle bygdelaga i Oslo skulle innflyttarar kunne ta vare på språket og kulturen sin. No er det andre språk og kulturar som skal takast vare på. 

Kjartan Helleve, Norsk Tidend
Kjartan Helleve, Norsk Tidend

Eg finn ikkje fram. Eg skal vitje Tamil Ressurs og veiledningssenter (TRVS) på Rommen i Oslo, heilt i nordenden av Groruddalen. Adressa er rett, men eg finn ikkje inngangen. Eg går mellom husa i eit lite industriområde, det er sundag føremiddag og alt er stilt. Sumathi Wijeyaraj, som er leiar på senteret, dirigerer meg via telefonen.

– Køyr litt fram. Kva? Går du? Ja, då ser eg deg. Hei! Her oppe i glaset!

Ho vinkar til meg frå andre etasje i eit nøytralt kontorbygg, som ikkje skil seg nemneverdig ut frå dei andre bygga i området.

– Hei og velkomen, helsar ho meg i det ho kjem ned og hentar meg ved inngangen. På vegen opp trappene fortel ho at dei held til i andre og tredje etasje. Senteret er mykje større enn eg hadde sett det føre meg. Det er rom overalt og Wijeyaraj tek meg med på ei omvisning. Tamilske miljø rundt om i verda er misunnelege for at dei eig sitt eige hus, som vart finansiert av kronerulling og lån. Den øvste etasjen hadde hatt godt av litt oppussing, seier ho, men det er ikkje økonomi til å gjere noko med det no. Det er musikkrom for tradisjonell musikk, eit for meir elektronisk musikk, ein stor sal, ei lita kantine og eit bibliotek. Ein kar syner meg ei gamal "bok", den er skriven på tunne lag av bork. Det kunne ta fleire månader å skrive ei slik bok, fortel karen, og eg får samstundes eit miniføredrag om tamilsk språk. Det eldste i verda, seier han, men legg samstundes raust til at han er open for at nynorsk kan ha eldre aner. På datarommet sit nokre elevar og held på med ein powerpoint-presentasjon om Europa.

Leksehjelp
Elevar. Overalt er det elevar. Eigentleg er det time, men mange har eit eller anna ærend. Ein gjeng gutar sit i gangen og førebur ein presentasjon dei skal halde. Wijeyaraj bankar på ei av dørene, og brått står eg i eit klasserom fullt av elevar. Så blir det min tur å fortelje kva ærend eg er ute i, min tur å halde eit lite miniføredrag om norsk språk. Men det trengst ikkje. Elevane veit godt kva nynorsk er.

Kvar sundag er det leksehjelp på TRVS for 5. trinn til 3. vidaregåande. Totalt er det to hundre elevar som går på dette tilbodet. Heilt vanlege skuleelevar som får ekstra påfyll. Lærarane er frivillige, gjerne tidlegare elevar, som no studerer eller arbeider. Sjølv om det i all hovudsak er tamilske gutar og jenter som fyller klasseromma, er det også nokre frå Eritrea, Pakistan og Vietnam. Tilbodet er ope for alle, men Wijeyaraj har ikkje plass til fleire. Interesserte må no setje seg på venteliste.  

Tradisjonen med leksehjelp går heilt attende til midten av 90-talet. Ti år tidlegare hadde det kome mange tamilar til Noreg. Konflikten mellom tamilar og singalesarar på Sri Lanka hadde forverra seg, og mange unge vart sende til ei betre framtid i utlandet. Trass i gode karakterar, var det ikkje høve for tamilar å ta høgare utdanning i heimlandet. Løysinga var norske folkehøgskular, og seinare andre utdanningsinstitusjonar. Då ungane til desse fyrste innvandrarane byrja på skulen, var det lite hjelp å få på heimebane. Til det var norskkunna for dårleg.

 Leksehjelpa vart organisert av TRVS. Forløparen til dette senteret var noko dei kalla Tamil Coordinating Commitee. Målet var å lage eit nettverk for tamilar. Ein stad der dei kunne snakke sitt eige språk og få hjelp til praktiske ting. Eit innflyttarlag.  

Dans og hytteturar
I tuftene til Hardinglaget, eit typisk bygdelag i Oslo, heiter det: "Laget vil samla menn og kvinner frå Hardanger, eller andre med interesse for Hardanger, til samkomer der dei kan få høve til å verta kjende med kvarandre. Laget arbeider på heimleg grunn ved å halda oppe vyrdnaden for heimen i mål, sed og skikk. Likeins vil det arbeida med praktiske tiltak som kan vera til hjelp og vern for folk heimanfrå når dei kjem hit."

I ei tid der det er lett å reise til og frå, der det ikkje er godt å vite kva som er heimleg sed og skikk, og det er like lett å finne hjelp til praktiske ting på Internett, så er mykje av grunnlaget for dei tradisjonelle laga borte. Difor er også mykje aktiviteten konsentrert rundt det sosiale.

Bygdelaga i Oslo er ikkje det dei ein gong var. Frå å vere opp mot fire tusen på 70-talet, er medlemstalet no nærare tusen. Fleire av laga er likevel godt aktive. Hardinglaget feira t.d. 100-årsjubileet i mars med bok og med jubileumsfeiring i Oslo Konserthus, og mange andre er oppgåande med mange tilskipingar gjennom året. Mykje av aktiviteten deler seg mellom å skipe til dansekveldar og hytteturar.

Knut Kjeldstali, professor i historie, har skrive mykje om desse innflyttarlaga og meiner at ein kan dele dei opp i to grupper: dei upolitiske og dei politiske.

– Laga som vart knytte til By- og Bygdelagsforbundet, var dominerte av innflyttarar frå Austlandet, Trøndelag  og Nord-Noreg, seier Kjeldstadli.

–  Dei var gjerne bylag, og var fyrst og fremst sosiale møtestader der ein kunne treffe kjenningar frå heimstaden, bruke sin eigen dialekt og ha det morosamt. Dei andre laga knytte seg til Noregs Ungdomslag gjennom Bygdelagssamskipnaden. Desse innflyttarane hadde røtene sine på Vestlandet, Sørlandet og nokre frå Trøndelag. Dei var færre, men gjorde seg meir synlege. Her skulle ein også ha det triveleg, men laga skulle i tillegg kjempe for norskdomen, inkludert nynorsk.  

Var med på å definere norskdomen
Dette politiske gjorde mykje for korleis laga definerte seg sjølve. Det utvikla seg ein ideologi om byen og bygda, der ein opplevde at ein ikkje fekk den respekten som ein meinte seg fortent til. Det utvikla seg ei spenning.

– Dette må ha vore ekstra ille for dei som sokna til Noregs Mållag. Dels av di dei heldt språket høgt, men også av di dei kom frå stader der det ikkje var vanleg med klasseinndelingar. Dette var unge folk som truleg hadde nytt respekt heime, og som var så flinke at dei hadde kome seg til byen for å lære meir. Difor vart også ordbruken krass, og synleggjer at den viktigaste konfliktaksen i Noreg gjekk mellom by og land. Denne konflikten heldt seg levande til etter fyrste verdskrigen, då konflikten mellom arbeid og kapital tok over.

– Kor viktige var desse laga for norskdomsrørsla?

– Det er sagt at Italia vart definert frå New York, der eit sameina heimland var enklare å halde seg til enn mange ulike regionar. På same vis kan ein seie at innflyttarlaga var med på å definere norskdomsrørsla. Her kom unge og flinke menneske saman på ein viktig tidpunkt i livet og kjende på det å møte motstand. Dei var skuleflinke, skrivande og dermed opptekne av språk.

– Kva er grunnen til desse laga ikkje er fullt så synlege lenger?

– Innflyttarlag har ein klår funksjon. Når medlemene opplever at dei kan få hjelp andre stader, så har dei ikkje den same gleda av eit slikt lag. Dette er ikkje noko typisk for dei norske bygdelaga. Me ser det same med t.d. dei tyske og danske innflyttarlaga, og med dei norske utvandrarlaga i USA.  Og ein oppdaga at Oslo ikkje var så skummel likevel. Innflyttarane fekk seg gode jobbar og vart respekterte, så ideen om at innflyttarar vart kua av den fæle byen, var ikkje gyldig lenger, seier Kjeldstadli.

Ikkje berre skule
Tamil Ressurs og veiledningssenter på Rommen har tre satsingsområde. Det skal vere eit ressurssenter for tamilar, det skal drive med leksehjelp og det skal drive med morsmålsopplæring. Denne siste biten er organisert i Annai Poopathi Tamilsk Kultursenter (APTK). I paragraf 1 i tuftene deira heiter det "Organisasjonen skal gi barn og ungdom muligheten til å styrke sin egenidentitet ved å formidle det tamilske språk, historie, kulturopplevelse og kulturarv."

Dette er den største aktiviteten til senteret. Fredag, laurdag og sundag kveld er det fullt av andre  elevar og foreldre som sit i gangen og ventar. I tillegg har dei avdelingar i femten andre byar og tettstader. Totalt tek nær åtte hundre ungar kurs i regi av senteret. Wijeyaraj fortel at interessa held seg stabil.  

– Me trudde at interessa ville falle etter kvart. Men det held seg stabilt. No går det ungar på kurset som er tredje generasjon norsk-tamilar. Det fortel at mange ser på dette som viktig, seier ho. 

Ho understrekar at morsmålsarbeidet er skilt ut i ein eigen organisasjon. Det er viktig med leksehjelp og engelskkurs, men ressurssenteret skal vere nett det. Ein stad for alle.

– På onsdagane er det eldretreff her. Då møtest damer i 50- 60-årsalderen for å snakke og ha det kjekt saman. Det er tilbod om yogakurs, dei les høgt for kvarandre eller går seg ein tur i nærmiljøet. Me skal også vere ein stad å kome til om ein har problem på heimebane. Det er ein som slit med samlivet, og me har nokre skilsmisser. Det er mange som slit med traume, særleg dei som har sett krigen på Sri Lanka på nært hald, og det er så mange måtar å ta det ut på.

– Kor viktige har de vore for det tamilske miljøet i Noreg?

– Veldig viktige. Det såg me ikkje minst etter at tsunamien råka i 2005. Då vart dette ein samlingsplass der folk kunne få kome saman. Og nett det: kome saman. Me ser det same når foreldre sit på gangen medan dei ventar på ungane sine. Folk snakkar saman.

Politisk bakteppe
– Det er likevel ikkje til å kome i frå at det er ein politisk grunn til at de er her i Noreg? 

– Det er klart, konflikten på Sri Lanka er veldig til stades. Hadde me hatt eit eige land, hadde det ikkje vore noko behov for dette senteret. Då hadde me ikkje trengt å ta vare på kulturen vår på denne måten. Det må me no, me må snakke for dei som ikkje kan snakke. Samstundes er det viktig at politikken ikkje tek for mykje plass, me skal vere ein stad for alle. Det er ikkje alle som er samde om dei politiske måla, men alle kan kome hit. Likevel: namnet på morsmålsskulen er Annai Poopathi, som er namnet til ein aktivist som svelt seg i hel i motstand mot konflikten. Så situasjonen på Sri Lanka er noko som ligg bak, men mest som eit slags lim. Dette er eit ressurssenter, ikkje ein politisk organisasjon. Me driv med leksehjelp.

Arbeidet blir verdsett. I gjesteboka ho har på kontoret, er det helsingar frå statsminister Stoltenberg, ordførar Ditlef Simonsen, minister Solheim, minister Manuela Ramin-Osmundsen og minister Holmås. I jula var Aftenposten på besøk i samband med ein artikkel om at skulelevar med foreldre frå India, Kina, Vietnam og Sri Lanka gjer det betre enn elevar som har norske foreldre. Svaret ligg i flittige elevar og senter som dette. Frivillig lagsarbeid.

– Det går ein del tid, seier Wijeyaraj.

– Det blir ikkje så mykje tid heime. Men det er bra å vere her ofte, slik at ungar og vaksne kan stikke innom om dei vil snakke om noko. Så eg er her stort sett på sundagane, mannen min også, han underviser ned i gangen her.  Ofte kjem eg inn om kveldane etter at eg har gått av vakt.

– Kva arbeider du med?

– Eg er sjukepleiar. Og så sit eg jo i bydelsutvalet i Stovner bydel for Arbeidarpartiet og så held eg på med Tamilsk kvinneforening. Der har me forresten teke grep for å halde norske og engelske låneord ute frå språket. For kvart låneord me nyttar, må me betale ei krone i bot. I går måtte eg ut med 43 kroner. Det held jo ikkje,  seier Wijeyaraj.

På veg heim frå samtalen med Kjeldstadli nokre dagar tidlegare, var eg seint ute til ein annan avtale og tok ein drosje. Sjåføren Nadif var frå Somalia, og eg drista meg til å spørje om det var mange somaliske lag i byen.

– Ja, fleire. Men det blir litt feil å kalle dei somaliske, det kjem meir an på kva stamme du kjem i frå. Dei frå nord har eit eige lag, og dei i sør eit eige, om du skjønar.

– Det gjer eg.

– Men dei var viktigare før, tettare, liksom. No er laga i ferd med å flyte litt ut.
 

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE