I pollensesongen får mange allergikarar allergiske reaksjonar på nøtter, frukt og grønsaker.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks

Fakta om pollen- og matallergi

Mat som ofte kan gje allergiske reaksjonar ved bjørkepollenallergi:

• Frukt og bær: aprikos, eple, fersken, kirsebær, kiwi, morellar, nektarin, plomme, pære, jordbær.
• Grønsaker: gulrot, potetskal, selleri (rå og ukokt).
• Nøtter: Hasselnøtter, mandlar, paranøtter, valnøtter og peanøtter.

Mat som ofte kan gje allergiske reaksjonar ved graspollenallergi:

• Kornsortar: kveite, rug, bygg og havre.
• Belgfrukter: peanøtter, soya, erter, linser og bønner.

Mat som ofte kan gje allergiske reaksjonar ved burotpollenallergi:

• Grønsaker: selleri (rå og ukokt)
• Krydderurter: persille, anis, basilikum, dill, estragon, fennikel, karri, koriander, spisskummen, løpstikke, malurt, merian, oregano, paprika, timian og svart pepar.

Pollenallergi generelt:

• Eksotiske frukter og grønsaker

Enkelte pollenallergikarar får uventa symptom når dei et rå eksotiske frukter og grønsaker, for eksempel på reiser. Dersom du normalt har kraftige reaksjonar på mat, er det ein god idé å forsyne seg med små bitar av frukt og grønsaker til du veit at du kan tåle dei. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Enkelte pollenallergikarar får slike kryssreaksjonar på mat berre i pollensesongen, medan andre reagerer heile året.

Årsaka er at dei allergiframkallande stoffa i pollen liknar på proteina i maten, skriv Matportalen.

Kløe og hevingar

Bjørkepollenallergikarar er særleg utsette for kryssreaksjonar på nøtter, frukt og grønsaker som for eksempel eple, pærer, rå gulrøter og hasselnøtter.

Forsking viser pollenallergikarar ofte toler raude eple betre enn grøne. Andre igjen tåler berre skrelte eple, og grunnen til det er at det varierer kor det er mest allergiframkallande stoff – i skalet eller i fruktkjøtet.

Dersom ein reagerer på grønsaker, er det ofte nok å varmebehandle dei for å unngå ein allergisk reaksjon.

Allergien gir dei same symptoma som matallergi elles med kløe og hevingar i munn, nase, på lepper og i halsen. Meir sjeldne symptom er elveblest, astma og mage- og tarmbry.

LES OGSÅ: Peanøttallergi kan behandlast – med nøtter

Strengare krav

Det blir innført strengare krav om merking av ingrediensar som kan forårsake allergi eller intoleranse, i desember i år, ifølgje Mattilsynet.

Enkelte ingrediensar som er kjende for å gje allergi- og overkjenslege reaksjonar, har spesielle krav til merking. Desse ingrediensane skal alltid stå i varedeklarasjonen på innpakninga med ein klar referanse til råstoffet, dersom det er blitt tilarbeidd. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE