Nesten 74.000 gongar har ein skrifttype basert på handskrifta til vekas bloggar vorte lasta ned.

mm
Faktaboks

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.

LES FAKTALUKK FAKTA

Vekas blogg har tittelen «The unborn chikken», inspirert av teksta til songen «Paranoid Android» av «Radiohead».

LES OGSÅ: Kårar verdas beste nynorske blogg

Bloggveteran
Hadde Morten Espen Kvalheim valt bloggnamn i dag hadde det vorte hans eige namn i staden for. Men 29-åringen frå Stord starta blogg allereie i 2002 og hadde då andre namnepreferansar. Sidan den gong har han vorte stødigare i nynorsk, og lært mykje teknisk om design og programmering av nettsider.

Juryen meiner at Vekas blogg tek opp mykje interessant om design, typografi og det som rører seg på nettet.

Kvar månad er kring 250 lesarar inne og får med seg ny kunnskap om eit felt som omgir oss på alle kantar.

– Kvifor bloggar du?

– For min eigen del gjer eg det for å boltre meg innan skriving og nynorsk. Kjekt er det òg å presentere nye ting eg finn interessant for eit større publikum. 

– Kva er dine beste tips til bloggarar?

– Skriv om det som ein er oppteken av, eller som ein brenn for. Det er garantert mange som likar det same!

 LES OGSÅ: Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Hardangervidda og småverktyg
Som mediegrafikar, det som i gamle dagar vart kalla typograf, har bloggaren ein særleg interesse for tekst. Ei interesse som berre er veksande.

– Kva er din favorittskrifttype? 

– Som mediegrafikar er det mange eg likar godt, og som stadig kjem att. Men som favoritt må eg seie FF Scala. Den er klassisk samstundes som den er moderne, og den er særs lesbar som mengdetekst.

– Kva er tidenes verste skrifttype?

– Det er eit vanskeleg spørsmål eg ikkje heilt har svar på. Comic Sans er i alle fall den skrifttypen som er brukt mest feil.

Feil bruk av skrifttypar har han faktisk skrive eit eige innlegg om på bloggen.

Men det mest leste innlegget til skriftentusiasten handlar om noko heilt anna, nemleg om då han og søskenbarnet var på Hardangervidda

LES OGSÅ: Boblande språkentusiasme

(Spy)nynorsk
På bloggen kan lesarane fritt laste ned litt diverse, mellom anna skrivebordsbakgrunnar og skrifttypar som Kvalheim sjølv har laga. Den mest populære av desse, Asphyxiate, er faktisk basert på hans eiga handskrift.

– Kor mange har lasta ned handskrifta di?

– Nær 74.000 frå bloggen min og dafont.com. Kan vera fleire nedlastingar andre stader eg ikkje har oversikt over.

– Kva er dei kjekkaste tilbakemeldingane du får?

– Alle tilbakemeldingar er kjekke, men dei som seier noko positivt om innhaldet og likar at det er på nynorsk er alltid kjekkast!

–  Kva er dei kjipaste tilbakemeldingane du får?

– Får fint få kjipe. Eg fekk ein kommentar frå ein kar at han likte bloggen og designet, men at det som øydela var at den var på (spy)nynorsk… Gjekk ikkje djupt inn på meg akkurat, avsluttar den bloggande medietypografen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE