Snakkar vi fortare enn før?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – I ein diskusjon i dag, og då spesielt debattar på TV, er det meir enn nokon gong ein kamp om å behalda ordet. Å snakka raskt er ein teknikk mange brukar for å behalda ordet lengst mogleg eller for å få sagt mest mogleg, seier fonetikar Jørn Almberg til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: – Morna, Jens! 

Raske kvinner
Men å snakka fort er ikkje like nødvendig for alle, meiner han.

– Viss ein har ein respektert status, så er ein ikkje avhengig av å gjera det, seier Almberg. Både Jens Stoltenberg, Erna Solberg og Siv Jensen er etter hans meining døme på personar som har andre teknikkar for å halda på ordet.

Jørn Almberg har tidlegare funne at kvinner snakkar raskare enn menn og at yngre snakkar raskare enn eldre. Inntrykket hans at taletempoet generelt er raskare enn før.

– Eg har inntrykk av at vi snakkar raskare, mindre artikulert og meir utydeleg enn før, seier han.

Kvardagslege politikarar
Førsteamanuensis Olaf Husby ved institutt for språk- og kommunikasjonsstudium ved NTNU meiner likevel det er vanskeleg å påvisa at folk snakkar fortare enn før.

– Det handlar meir om eit stilskifte enn noko anna, seier han og peikar på at det tidlegare var mykje meir høgtideleg å koma på TV og at politikarane då snakka rolegare og meir danna. At politikarane i dag uttrykkjer seg meir kvardagsleg, kan føra til at vi får inntrykk av at dei snakkar fortare enn før, meiner han.

(©NPK)