– Leiarane av FpU og RU gjer seg dummare enn dei er, seier leiaren i KrFU.

mm

Med kort tids mellomrom har leiarane av Framstegspartiets Ungdom og Raud Ungdom skrive på Facebook at dei ikkje skjønar nynorsk (sjå under!).

Og for nokre veker sidan uttala leiaren av Elevorganisasjonen det same til landsmøtet til Norsk Målungdom.

«Det var jo kun eit forsøk på å vera morosam», skriv nyvald FpU-leiar Atle Simonsen i ein epost til Framtida.no på klingande nynorsk, før han følgjer opp på bokmål:

«Svaret til deg var første gang jeg selv har fått bruk for nynorsk etter videregående skole. Jeg tror det er slik for mange og derfor ønsker vi valgfritt sidemål og konsentrere oss om en målform, enten det er nynorsk eller bokmål. 1 av 5 kan ikke lese og skrive skikkig etter grunnskolen.»

Sjølv skal han ha fått 4 i sidemål på vidaregåande.

Ordførar-kandidat for Høgre i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø, svarar Atle Simonsen dette på Twitter:

FpU-leiaren svara Framtida.no torsdag kveld at han tek utfordringa til Slettebø og dreg ut av landet. Han skal ha landa i Paris fredag formiddag.

LES OGSÅ: Frå jamstelling til språksikring

Vil gjera undervisinga meir relevant
Nyvald leiar i Raud Ungdom, Linn-Elise Øhn Mehlen, seier det ikkje var heilt alvorleg meint at ho ikkje skjønar nynorsk.

– Eg har dysleksi, og fekk fritak frå nynorsk som sidemål. Det er ikkje like enkelt for meg å lesa nynorsk, men eg klarar å skjøna det, seier ho.

Ho presiserer at partiet hennar støttar sidemål og nynorsk, men at partiet vil oppdatera undervisinga.

– For mange kan det vera litt fjernt, og det er vanskeleg å sjå nytten. Me vil gjera undervisinga meir relevant seier RU-leiaren. Ho meiner òg at fritakselevane bør få undervising når dei andre i klassen har sidemål.

– Fritak frå vurdering må ikkje bety det same som fritak frå undervising, seier ho.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

– Gode argument for meir sidemål
KrFU-leiar Emil André Erstad (bildet) frå Radøy skriv sjølv nynorsk, og er nyvald styremedlem i Noregs Mållag. Han reagerer på at leiarane av RU og FpU skriv at dei ikkje skjønar nynorsk.

– Eg synest dei gjer seg dummare enn dei treng, seier han.

– Eg skjønar at dei gjer det for moro skuld, men likevel ligg det noko politisk i det, ved at det ikkje er så alvorleg å ikkje skjøna det eine av dei offisielle skriftspråka i Noreg. Det er eit åtak på jamstellinga mellom nynorsk og bokmål.

At FrP og FpU stiller strenge krav til norskkunnskapane til innvandrarar, men samtidig ikkje seier dei forstår nynorsk, vitnar om ein tåpeleg inkonsistens, ifølgje Erstad.

– Dei stiller veldig strenge krav til andre, men ikkje til seg sjølv.

KrFU-leiaren understrekar at det ikkje treng vera eit krav at alle skriv plettfritt nynorsk, men meiner det er alvorleg om nokon som ikkje forstår nynorsk.

– Det i så fall eit knallgodt argument for sidemålsundervisinga. FpU-leiaren serverer gode argument for at sidemålsundervisinga må bli sterkare og meir omfattande, dersom det ikkje er nokon som ikkje forstår nynorsk.

Den avtroppande leiaren i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, vil også takka leiaren i FpU for å gi argument.

– Dette understrekar trongen for ei betre og meir omfattande sidemålsopplæring, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE