Regjeringa vil ikkje lenger kutte produksjonstilskotet til lokalaviser med 4000 til 6000 i opplag.

mm

Dette kjem fram i ei stortingsmelding frå regjeringa. Landslaget for lokalaviser (LLA) er glade for at regjeringa vil føra vidare dei opplagsgrensene som er i dag:

Kulturminister Thorhild Widvey (bildet) kuttar ikkje støtta til lokalavisene med 4000 – 6000 i opplag. Her frå eit innspelsmøte i mars der LLA argumenterte for å halda på produksjonsstøtta til alle lokalavisene.

– Vi i LLA har arbeidd hardt, gitt grundig informasjon og argumentert for at det ville vera særs uheldig å kutta støtta til lokalavisene med 4000 til 6000 i opplag. Politikarar som lyttar, og som vågar å snu, fortener ros, seier generalsekretær Rune Hetland og styreleiar Ståle Melhus i LLA. Dei understreker også at pressestøtta ikkje må gjerast til finanspolitikk.

– Alt dette handlar om kva verdiar vi vil at samfunnet vårt skal bygge på. Demokrati og ytringsfridom er flotte grunnsteinar, men dei må ha praktisk politisk innhald. Ein føresetnad for eit velfungerande demokrati med reell ytringsfridom er eit mangfald av ytringskanalar. Vi treng seriøse lokale-, regionale- og riksdekkande medier av høg kvalitet og med god, uavhengig journalistikk under fana til pressa sine etiske normer. Gode rammevilkår for media er ei investering i eit ope, inkluderande samfunn som tar vare på demokratiske, kulturelle og språklege verdiar. Alle lokalaviser, ikkje minst 4000 til 6000 avisene, er sjølve fundamentet i det unike avismangfaldet i Norge, seier Hetland og Melhus i LLA.

I stortingsmeldinga frå regjeringa kjem det også fram at den vil ha eit statisk tak på produksjonsstøtta per medieselskap frå 2015, slik at ingen aviser frå då av skal kunne få meir enn 40 millionar kroner i støtte.

Særs nøgde i Målungdommen
Norsk Målungdom er særs nøgde med at regjeringa og kulturminister Thorhild Widvey droppar dei føreslegne kutta i nynorske lokalaviser.

– Dette er ei klok avgjerd, som er med på å sikre det språklege mangfaldet i norsk presse, seier Karl Peder Mork, påtroppande leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

– I desse påsketider kan det vere klokt å lytte til fjellvettregel nummer åtte: Det er inga skam å snu. Vi gler oss over at Widvey og regjeringa har gjort nettopp det, og lytta til dei språkpolitiske argumenta i saka, avsluttar Mork.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE