Smørspråk: Nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kviteseidsmøret er meir etterspurt enn nokon gong. No får Kviteseid kommune og mållaget tilbake nynorsken på pakkene, slik dei har etterlyst.

Kviteseid meieri blei lagt ned for ein del år sidan, og produksjonen av det vidgjetne Kviteseidsmøret forsvann ut av kommunen. For kviteseidingane var det eit hardt slag. Men dei var trass alt glade for at produksjonen blei vidareført ved meieriet i Byglandsfjord, der namnet Kviteseidsmør og innpakninga blei som det hadde vore.

Bortsett frå ein liten detalj …
– Kviteseid kommune og Kviteseid mållag er skuffa over at teksten på Kviteseidsmørpakkene er endra frå nynorsk til bokmål, skriv ordførar Torstein Tveito og mållagsleiar Einar Leiv Søreide i eit brev til Tine SA.

Brevet sendte dei i slutten av mars, etter å ha oppdaga at bokmålet har gjort sitt inntog på dei tradisjonsrike smørpakkene. I brevet skriv dei mellom annan om identiteten knytt til smøret.

– Me trur den store etterspurnaden etter smøret i stor grad skuldast at Kviteseidsmøret vert sett på som eit produkt med lokal identitet, kvalitet og forankring, seier Tveito og Søreide.

Dei ber Tine SA om å tenkje seg om på nytt og våge det som Lerum i Sogndal gjer. Dei brukar nynorsk når dei marknadsfører kvalitetsprodukt frå Distrikts-Noreg.

– Det er framtidsretta, seier dei.

– Valde feil i vegkrysset
Denne veka svara Tine at dei faktisk alt har snudd. Til vinteren kjem Kviteseidsmøret igjen i nynorsk språkdrakt, etter å ha vore bokmålssmør i over eitt år.

– Me endra pakninga på Kviteseidsmør for omlag eitt år sidan. I dette vegkrysset valde vi feil retning og gjorde den dårlege vurderinga å velje bokmål på ei tradisjonsrik merkevare med røter i ein region der nynorsk er utbreidd, skriv pressemedarbeidar i Tine, Øystein Knoph, på klingande nynorsk til VTB.

Han fortel at Tine har fått fleire reaksjonar på bokmålifiseringa av Kviteseidsmøret, og seier dei alt hadde bestemt seg for å endre målform tilbake til nynorsk då brevet frå ordføraren og mållagsleiaren i Kviteseid kom.

– For Kviteseidsmør er det naturleg å bruke nynorsk tekst ut frå historisk opphav, geografisk tilknyting og den profilen vi ønskjer å skape for produktet, seier Knoph.

Grunnen til at det framleis går nokre månader før Kviteseidsmør igjen får nynorsk drakt er at det tek tid å lage ny emballasje. Av miljøomsyn ynskjer heller ikkje Tine å destruere den emballasjen dei alt har fått laga.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!