Makt og mangfald på Festspela

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Makt blir tema for Dei nynorske festspela 26. – 29. juni 2014.

– Det er inspirert av Grunnlova og vi stiller ein del spørsmål og ønskjer å opne opp for nye tankar som publikum kan ta med seg vidare, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet. Sjølve grunnlovsjubileet viser godt igjen i programmet. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen vil snakke om Ivar Aasen og hans forhold til Grunnlova i årets minneforedrag. Linda Eide har samla 200 års historie på to timar, slik berre ho kan gjere det, og Lurivar presenterer Grunnlova på sitt kattevis til dei yngste.

Daglege høgdepunkt i Uteamfiet
Uteamfiet i Aasen-tunet blir også i år arena for konsertar kvar kveld. Brørne Aasmund og Odd Nordstoga gir publikum ei unik musikalsk oppleving torsdag, Helene Bøksle held konsert fredag og Kråkesølv rockar laurdag. Under Aasen-stemnet i år blir det nykomponert musikk av Odd Johan Overøye til tekstar av Arnfinn Haram i framsyninga «I førsommarens fang».

LES OGSÅ: Er du det neste stripetalentet?

Samtalar og foredrag som kryssar språkgrenser
Fribyforfattar Mansur Rajih måtte flykte frå Jemen på grunn av innhaldet i tekstane sine og kjem til Festspela for å fortelje historia si i samtale med Brit Bildøen. Språkforskar og forfattar Nicholas Ostler frå Foundation of Endangered Languages gir publikum eit internasjonalt perspektiv på språk i foredraget «The power of languages».

– Med grunnlovsjubileet som bakteppe, vil vi setje søkelys på samanhengen mellom språk og demokrati, både gjennom samtalar, foredrag og ei eiga temautstilling med tittelen Makta i språket, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding.

Det blir fleire debattar og litterære samtalar, der ulike synspunkt og vinklingar blir drøfta i tillegg til sjølve tekstane. Festspeldiktar Agnes Ravatn, Einar Økland, Marta Norheim, Jon Hellesnes og Gunnhild Øyehaug er berre nokre av dei som vil setje lys på ulike sjangrar og tema.

LES OGSÅ: Nordstoga-brørne er Årets nynorskbrukarar

Digital avrusing og hagekurs
Årets festspeldiktar Agnes Ravatn har inspirert arrangøren på fleire måtar. Forfattarskapen har inspirert Festspela til to nye arenaer i år. Det blir eit litterært hagekurs i ein hage i Ørsta med festspeldiktaren og Rønnaug Kleiva. Du som er avhengig av sosiale medium kan vere med festspeldiktaren sjølv ein tur til Høgetua bak Aasen-tunet for avrusing. Tre dansarar, leia av Solveig Styve Holte, har late seg inspirere av festspeldiktaren og hennar bøker til å lage ei eiga danseframsyning, tingingsverket «Endevendinga».

LES OGSÅ: Blir Festspel-utstillar

Prøysen til borna
Dei yngste kan gle seg til Prøysenhusbandet og framsyninga «På bærtur med Nøtteliten» i Uteamfiet, i tillegg til Lurivar. Nytt av året er eit arrangement i samarbeid med Ørsta folkebibliotek og tre forlag, der det blir både gode barnebøker og konkurransar med premiar.

– På Festspela kan du oppleve over førti arrangement på fire dagar med noko for ein kvar smak, avsluttar Karine Munch, som rår publikum til å tinge billettar på førehand for å vere sikra plass. Festspela blir arrangert 26.–29. juni i Ivar Aasen-tunet og på ulike stader i Ørsta og Volda sentrum.

Faktaboks

DEI NYNORSKE FESTSPELA

• Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda siste veka i juni
• Kvart år gjestar om lag 6000 menneske denne festivalen
• Tema er ”Makt”, og festspeldiktar er Agnes Ravatn
• Av 44 planlagde arrangement i 2014 er 9 gratis
• Budsjettet for 2014 er på 1,9 millionar kroner
• Heile programmet finn du på nettstaden festspela.no.