Linn-Elise Øhn Mehlen (22) er ny leiar i Raud Ungdom. Her fortel ho om kvifor ho slutta i Unge Høgre og kva samfunn ho vil ha.

mm

I talen sin til landsmøtet fortalte ho om si politiske reise, som byrja eit godt stykke unna Raud Ungdom.

– Eg gler meg til å leia Noregs beste ungdomsparti. Det kan eg seia med handa på hjartet, for eg har vore medlem i både Unge Høgre og AUF før eg enda i Raud Ungdom.

Øhn Mehlen er oppvaksen i Drammen, men har budd ni år i Holmenkollen.

– Det var ganske trivielle vestkantproblem som fekk meg til å melda meg inn i Unge Høyre. Så var det i neste omgang problema med Oslo Vest som fekk meg til å velja Raud Ungdom. I Holmenkollen har eg med eigne auge sett kor mange fordommar som finst blant Noregs rikaste. Eg har gått på skule med folk som ikkje fekk lov til å dra lengre aust enn Oslo City. Forskjellane skaper parallellsamfunn der folk med ulik bakgrunn ikkje møtest, og då veks fordommane. Derfor er det så viktig for meg å gjera meir for å kjempa mot forskjells-Norge. Då var Raud Ungdom eit naturleg val, fortel ho.

Kva for trivielle vestkant-problem var det som gjorde at du melde deg inn i Unge Høgre?

– Unge Høgre snakkar mykje om fridom, og det appellerer til mange ungdomar som interesserer seg for politikk. Det gjaldt nok for meg òg. I dag har eg nok ei betre forståing for fridomsomgrepet. Fridomen til å kjøpe sprit på butikken stod etter kvart fram som ganske trivielt samanlikna med fridomen som følgjer av ei løn å leva av eller fridomen til å ha ein rimeleg stad å bu. Unge Høgre er opptekne av fridomen til dei mest privilegerte. I Raud Ungdom ser me at fridom for dei få tyder ufridom for fleirtalet.

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Det er mange ulike grunnar til at eg er politisk engasjert, men dei aller fleste av dei har å gjera med det grunnleggjande urettferdige i kapitalismen som system. Ein gammal læresetning frå tida til studentopprøret seier at viss du ikkje er sint, følgjer du ikkje med. Litt sånn føler eg det når eg ser korleis hjelpepleiarane, lærarane og renovasjonsarbeidarar opplever stadige angrep på løna si og rettane sine, medan toppleiar som Statoil-sjef Helge Lund får millionløn av staten. Det er jo pengane til fellesskapet han stikk av med. Dei økonomiske skilnadene mellom dei rikaste og alle oss andre er på sitt høgaste sidan 1930-talet. Sånn kan me ikkje ha det.

Kva saker er det du brenn for og vil gjera noko med?

– Det er mykje ulikt eg er oppteken av, men skal eg trekkje fram éin ting må det nok vere skjønnhetstyranniet me jenter blir utsette for. Kvar dag blir me bombardert med reklame som fortel oss at me ikkje er gode nok og at me må kjøpa stadig nye produkt for å bli pene. Denne kyniske manipuleringa av sjølvtillita til unge jenter fører til at 50.000 kvinner utviklar eteforstyrringar og at 50 prosent av alle jenter på 15 år skulle ønskje dei var slankare. Eit tiltak me vil jobba for er å merka reklame som er retusjerte eller digitalt manipulert. Menneska på reklamen finst ikkje i røyndomen, og den stadige eksponeringa av slike Barbie-menneske er skadeleg. På same måten som tobakkselskapa blir pålagd å merka dei skadelege produkta sine, vil me påleggja reklamebransjen å merka reklame som er retusjerte.

LES OGSÅ: Kjempar mot retusjert reklame

Kva er dei viktigaste vedtaka dei gjorde på landsmøtet dykkar?

– Me går blant anna inn for å fjerna høvet som staten har til å stoppa streikar gjennom tvungen lønsnemnd. Det viktigaste verktøyet arbeidsfolk har for å forsvara rettane sine er streikevåpenet. Likevel har me dei siste åra sett korleis lovlege og sakleg grunngjevne streikar har blitt avbrotne gjennom ein aggressiv bruk av tvungen lønsnemnd. Tvungen lønnsnemnd er eigenleg heilt unødvendig i Noreg. Det finst ikkje éin einaste arbeidstakarorganisasjon som ikkje tek omsyn til liv og helse i ein streikesituasjon. Difor vil me endra lova, i tråd med internasjonale regler, slik at staten ikkje berre kan avslutta streikar som han vil.

Kva vil Raud Ungdom merka av skilnad med deg som leiar?

– Eg ynskjer å satse meir på politikkutvikling, sørgja for at me utviklar politikk i spørsmål folk kanskje ikkje umiddelbart forbind med oss. I tillegg er eg meir enn gjennomsnittet oppteken av fagrørsle og arbeidslivspolitikk, og det håpar eg jo at folk vil merka.

Kvifor er det bruk for Raud Ungdom i norsk politikk?

– Med den mørkeblå regjeringa er det meir behov for Raud Ungdom enn på lenge. Me skal seia høglydt ifrå når regjeringa prioriterer skattekutt framfor lærlingplassar. Me skal pressa regjeringa til å innføra merking av retusjert reklame, og me skal mobilisera ungdom til kamp for ein leskefri skule. Dette er saker som ikkje ville vore på dagsorden i norsk politikk utan Raud Ungdom. Dét har ein eigenverdi i seg sjølv. 

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Det er ikkje lett for ungdom i dag å nå fram til dei som styrer. Avstanden mellom politikarane og oss vanlege folk har auka dramatisk dei siste åra. I dag finn du knapt ein politikar på Stortinget som har hatt ein vanleg jobb. Me lèt oss styre av folk som aldri har erfart problema våre, som aldri har kome heim utslitne etter mange timar bak kassa på Rimi og som aldri har slite med å etablera seg på ein bustadmarknad der prisane har løpt løpsk. Det er eit demokratisk problem. I Raud Ungdom erfarer me kvar dag at den einaste måten å trenga gjennom og høyra, er ved å organisera seg politisk og stå saman med andre som deler våre interesser. Me er ingen broilerskule for politikarspirer, me er til for vanlege ungdomar som vil slåst for ei meir rettferdige verda.

QUIZ:Kva veit du om Raudt?

Korleis vil Raud Ungdom gjera skulen endå betre?

– Skulepolitikk er ei hovudprioritering for oss i Raud Ungdom og det viktigaste kravet vårt er leksefri skule. Lekser flyttar ansvaret for elevane si læring frå skulen til foreldra. Dette er ikkje noko problem for dei som har foreldre som kan hjelpa dei, men kva med dei foreldra som jobbar skift og ikkje er heime? Kva med dei foreldra som ikkje er så gode i norsk? Kva med dei foreldra som ikkje var gode på skulen sjølv? Leksene reproduserer skilnader. Me stiller ulikt ved start og nokon har betre føresetnader for å gjera det bra enn andre. Raud Ungdom meiner at læring fungerer best på skulen der alle elevane har same utgangspunkt. Difor vil me fjerna leksene.

Kva bør Noreg leva av når olja er brukt opp?

– Noreg har som oljenasjon eit unikt høve til å bli leiande innan fornybar energi. Me ønskjer å bruka meir pengar på forsking på dette feltet, så me er rusta til å møte framtida når olja ein dag tek slutt. Raudt har utvikla ein plan for korleis Noreg kan skapa over 50.000 nye arbeidsplassar innan grøn industri. Men det krev politisk vilje til å satsa på slike næringar. Fisken er ein fantastisk fornybar ressurs som vil vera ei påliteleg og miljøvennlig næring i all overskodeleg framtid, føresett at me tar vare på han.

Kva er idealsamfunnet?

– Raud Ungdom ynskjer eit samfunn der det ikkje har noko å seia kva slags farge huda di har, eit samfunn der dei med tjukkast lommebok ikkje hamner først i køen, eit samfunn der ingen tener mindre enn kollegaene sine berre fordi dei er damer. Me ynskjer eit samfunn der produksjonen ikkje er styrd av behovet for profitt, men behova til folk. Eit samfunn utan fattige og rike, der alle har like høve og fridom til å vera ulike.

LES OGSÅ:– Eg vil ha eit klassefritt samfunn

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE