– Ligg unna iskanten!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa utviser total mangel på ansvar for sårbare økosystem, og våre eigne klimagassutslepp, heiter det i ein uttale frå dei.

Miljøbevegelsen krev at regjeringa lyttar til faginstansane:

I ein felles høyringsuttale til Olje- og Energidepartementet  krev Greenpeace, Natur og Ungdom, Bellona, WWF, Framtiden I Våre Hender, Naturvernforbundet og SABIMA at det ikkje vert lyst ut nye blokker til oljeindustrien i 23. konsesjonsrunde. Særleg åtvarar organisasjonane mot å lysa ut dei nordlegaste leiteområda i forslaget til regjeringa. Ei samla miljørørsle meiner det ikkje finst nokon grunnar til å tillata oljeboring i dei svært sårbare områda.

– Dei arktiske områda er eineståande i verdssamanheng, og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å forvalta desse på ein berekraftig måte. Med dette forslaget viser Tord Lien total mangel på respekt for eit av våre viktigaste og mest sårbare økosystem, og for klimaet si tolegrense. Ei samla miljørørsle krev difor at regjeringa og samarbeidspartnarane tek ansvar og avlyser denne tildelingsrunden, seier organisasjonane.

Fleire av områda som er føreslått tildelt til oljeindustrien går innanfor det som Norsk Polarinstitutt har definert som iskanten, eit område der havisen bidreg til å skapa unike og sårbare økosystem. Det eksisterer i dag ikkje tilfredsstillande teknologi for å fjerna oljesøl i isfylte farvatn. Organisasjonane meiner dette berre er nok eit døme som viser kvifor oljeboring i Arktis ikkje er forsvarleg.

Kvar går iskanten?
– Om regjeringa stikk i strid med faglege tilrådingar og sunn fornuft avgjer seg for å lyse ut område til oljeboring i denne runden, må dei halde seg langt unna dei områda som ligg nære iskanten, noko som òg står eksplisitt i samarbeidsavtalen mellom Venstre, KrF og regjeringa. Skal avtala ha noko verd må Venstre og KrF avvise Liens forslag, meiner organisasjonane.

– Iskanten må definerast som det sørlegaste punktet det er observert 10 prosent isdekke i løpet av dei siste tretti åra, med ein 100 kilometers buffersone sørover. Nærare Arktis enn denne kanten må vera forbodssone for ein kvar med oljebriller, krev organisasjonane.

Sist veke var spørsmålet om kvar iskanten går oppe i spørjetimen i Stortinget.

– Her trengst det ei opprydding, fastslo Venstres Ola Elvestuen. Han viste til at regjeringa og støttepartia ser ut til å vere ueinige om kor iskanten går, og bad olje- og energiminister Tord Lien (Frp) avklare dette spørsmålet.

Lien svarte at regjeringa nyttar den same definisjonen av iskanten som den førre regjeringa og la til at dei kjem til å involvere Stortinget undervegs.

Rasmus Hansson i Miljøpartiet Dei Grøne fann grunn til å harselere med usemja på den borgarlege sida.

– Befolkninga i Nord-Noreg har visst kor iskanten går i meir enn hundre år, sa han.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

– Klimaforliket forpliktar
Noreg har forplikta seg til å kutta klimagassutslepp heime, og olje- og gassindustrien står for 29 prosent av utslepp i Noreg. Ambisjonane for utsleppskutt skal aukast, og klimaforskarar meiner at minst 2/3 av allereie oppdaga fossil energi må bli verande i bakken.

– Om oljeindustrien no får det som dei vil, vil det bety enorme klimagassutslepp fleire tiår inn i framtida. Om Noreg skal ta klima og miljø på alvor, er det er på tide at Stortinget tek eit oppgjør med norges største forureinar, oljenæringa, avsluttar organisasjonane.