Går imot Grunnlovs-modernisering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stortingsgruppa i Høgre bestemte seg onsdag for at dei vil la språket i Grunnlova vere som det er. Dermed har ingen av dei aktuelle forslaga til språkfornying det nødvendige totredelsfleirtalet i Stortinget. Og forslaget om ei parallell utgåve på nynorsk blir det heller ikkje noko av.

– Høgre ser ikkje noko behov for ein gjennomgåande revisjon av Grunnlova, seier fraksjonsleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen Michael Tetzschner (H) til VG.

LES OGSÅ: Urolege for nynorsk Grunnlov

«Automatisk» oppdatering
Høgre meiner dei nye paragrafane om menneskerettar som Stortinget skal vedta i vår, gir lova ei «automatisk» oppdatering, ettersom desse forslaga òg betyr at ein del lovpunkt blir overflødige og kan strykast.

– Med desse endringane, som kjem til å få stort fleirtal, fell også nokre av dei mest uforståelege paragrafane bort, seier Tetzschner.

Men i hovudsak blir språkrevisjonen Stortinget gjorde i 1903, ståande.

QUIZ: Prøv grunnlovsquizen vår!

Sprikande Storting

Mens dei raudgrøne har støtta framlegget frå Graverutvalet, ei gjennomført moderne Grunnlov på bokmål og nynorsk, har Frp halde fast på sitt forslag frå 2012, som er ei meir moderat oppfrisking ført i pennen av språkprofessor Finn-Erik Vinje.

KrF har helst sett at Grunnlova blir verande som ho er, og får no Høgre med seg på det.

Venstre har prøvd å samle støtte for eit kompromiss som går ut på å halde på 1903-språket, men skrive inn nye lovparagrafar på moderne bokmål og nynorsk, alt etter kva målform forslagsstillaren nyttar. Men heller ikkje det har slått an hos dei andre partia på Stortinget. (©NPK)

Gå til temasidene våre for Grunnlova!