Søkjarrekord for folkehøgskulane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Voss folkehøgskule har ikkje noko rekordår i år, men ligg likevel godt an med tanke på kor mange søkjarar dei har til skulen.

209 søknadar til 98 plassar
– Me har fått inn til saman 209 søkjarar og me har 98 plassar seier rektor ved Voss folkehøgskule, Lasse Sandberg. På same tid i fjor var det 155 søkjerar til like mange plassar.

Til no har 62 personar takka ja til plass hjå oss. 36 elevar har fått tilbodet, men har ikkje sagt noko om dei tek i mot plassen eller ikkje.

– Ser me på kor mange som har takka ja til plass på skulen til hausten, har me ein auke på 50 prosent om ein samanliknar med fjoråret, seier han og legg til at han ikkje er nøgd før han har fått fylt opp skulen i år.

Stort og godt miljø
Sandberg trur at den aukande interessa for folkehøgskular skuldast at ungdommar som er ferdige med 13 år obligatorisk skuleløp, vil finna på noko nytt og kanskje sleppa karakterpress og samstundes koma seg ut or mor og far "sine klør".

– Folkehøgskular har ofte eit stort miljø der folk finn seg godt til rette. Det er i alle fall tydeleg at ungdom har fått opp augo for kva folkehøg-skular er.

7000 i året
Også i år held oppgangen fram, 2,3 prosent fleire elevar har takka ja til skuleplass i år i høve til i fjor.

LES OGSÅ: Unge Venstre vil kutta i støtta til folkehøgskulane

Kvart år vel over 7000 norske ung-dommar å ta eit år på folkehøgskule. Det er meir enn ti prosent av eit årskull.

– Me trur at fleire ser nytten av eit år til å læra på ein anna måte enn i meir tradisjonelle skuleslag. I tillegg vert det eit år til å tenkja seg om før ein vel kva ein vil gjera vidare i livet, seier Dorte Birch i informasjonskontoret for folkehøgskulen.

Fort fylte opp
– På folkehøgskulane kan ein ta mange ulike typar fag, det er 300 fag å velja mellom på dei 78 folkehøgskulane i landet. I dei fleste av dei er undervisninga praktisk, med vekt på erfaringar og opplevingar. Skal ein læra noko, så lærer ein gjennom å gjera det, ikkje ved å høyra om det, seier Tor Grønvik frå informasjons-kontor for kristen folkehøgskule.

Dei mest populære faga og linene vert fort fulle, så det lønar seg å søkja raskt om ein vil sikra seg ein plass. Alle skulane tek opp elevar fortløpande, heilt fram til skulestart i august.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!