– Ungdomsparti som treng merksemd

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar ikkje Unge Høgre

Denne helga skapte fylkesleiarane i Unge Høgre frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland rabalder med sitt forslag om å kutta statsstøtta til norske folkehøgskular.

Dei vil òg fjerne dei to tilleggspoenga elevane får for å fullføra eit år på folkehøgskule.

LES OGSÅ: – Eg har blitt meir sjølvstendig

Roleg rektor
Forslaget får folk i folkehøgskulemiljøet til å reagera, men rektor ved Jæren folkehøgskule tek det med knusande ro.

– Dette er vel utspel me har sett før frå ungdomsparti som treng litt merksemd. Det som alltid skjer er at moderpartiet tydeleg avviser forslaget, skriv rektor ved Jæren folkehøgskule Dag Folkvord, i ein epost til Framtida.

Stortingsrepresentant for Høgre Henrik Asheim har allereie vore ute i Bergens Tidende og teke avstand frå forslaget.

LES OGSÅ: Summen av alt

Valpe-utspel
– Alle parti på stortinget er i dag positive til folkehøgskule, og har gjennom åra jamleg debattert dette skuleslaget. Når dei så etter grundige stortingsmeldingar kjem til at me treng folkehøgskulen, så hjelper det nok ikkje mykje at «valpane» kjem med slike utspel, utdjupar folkehøgskulerektoren.

Han peikar på at regjeringa attpåtil har løyva pengar til ein ny folkehøgskule.

Kristiansand folkehøgskule skal etter planen starte opp hausten 2015 og er eit initiativ frå Kirkens Ungdomsprosjekt.  Skulen skal rette seg spesielt mot unge mødrer og elevar som fell frå vidaregåande skule.

Og “effekten” av folkehøgskule har vorte studert. I 2010 kom rapporten «Som en sang i sinnet – som et eneste sollyst minne», utført av Program for lærarutdanning og NTNU Samfunnsforsking på bestilling frå Kunnskapsdepartementet.

Rapporten kjem fram til at det er personlig modning, utvikling av sjølvverd, sosial læring og til ein viss grad førebuing til utdanning som er det viktigaste utbyttet av eit år i folkehøgskulen.

På Jæren folkehøgskule er det fleire av elevane som følte at dei trong ein tenkjepause før studiane.

Det store reknestykket
Folkvord meiner at ungdomspolitikarane i Unge Høgre ikkje ser det store biletet.

– Skule, utdanning og økonomi er eit stort og komplisert reknestykkje. Når til dømes folkehøgskulane kvart år hjelper mange unge tilbake til skulebenken slik at dei får avslutta vidaregåande eller universitet, så er dette ein stor samfunnsmessig gevinst.

Folkehøgskulerektoren samanliknar utspelet med forslag om å fjerne pressestønad og kultursubsidiar, fordi det ikkje er god økonomi å betale for musikk, kunst, teater og anna kultur.

– Det er utruleg sneversynt, og direkte feil. Det syner seg ofte at det som ikkje er «lønsamt» er det mest lønsame i lengda, meiner rektoren.

Eksklusivt og dyrt
Folkvord trur at dersom statsstøtta og stipendordninga for folkehøgskule skulle felle bort, vil det ha større betyding enn dei to tilleggspoenga.

– Då ville skuleåret bli svært dyrt. Dei fleste elevane ville då ikkje kunne gå på folkehøgskule. Det ville blitt eit skuleslag for dei få utvalde og rike i samfunnet. Dei fleste skulane ville nok forsvunne ganske snart, trur rektoren, som ikkje ser for seg eit slikt senario.

Småpoeng
Folkehøgskulane har hatt jamn oppgang i fleire år. Og etter ein liten nedgang i fjor, har dei no stabilisert seg. Om lag ein av ti elevar i årskullet som nettopp er ferdig med vidaregåande vel folkehøgskule. Det betyr at folkehøgskulane i Noreg har om lag 7000 elevar.

Folkvord trur ikkje tilleggspoenga er så viktige som Unge Høgre trur, og viser til målingar der folkehøgskuleelevar svarar at det ikkje er ein viktig grunn for valet deira.

– Dei er meir opptekne av læring, oppleving, modning, kreativitet og å byggje opp seg sjølv.

Rektoren trur det som ville kunne ta knekken på folkehøgskulane er om ein missar stipend og stønad til lærarløner slik dei har i dag.

– Unge Høgre slit med at folkehøgskulane dreg til utlandet. Då kan eg fortelja at det gjer svært mange universitet og høgskular også. Og at det alle har til felles, er at dette må dei betale sjølv. Stønaden frå staten går til å løna personalet på skulane. Resten; mat, hus, materiell, reiser og så vidare må elevane betale sjølv, seier Folkvord, som har ei klar oppmoding til ungdomspolitikarane:

– Til neste gong Unge Høgre ynskjer eit avis-oppslag, så vil eg tilrå å bruka litt meir tid på å setja seg inn i kva det handlar om.