EU-kommisjonen måtte gi etter for press frå USA og Kina.

NPK-NTB-Reuters
NPK-NTB-Reuters

EU-kommisjonen ber no EU-parlamentet la internasjonale flyselskap sleppe å betale for CO2-utsleppa sine.

Dermed gir EU-kommisjonen opp å få gjennom sitt opphavlege forslag om at alle flyselskap som flyr til, frå og over Europa måtte betale ei CO2-avgift.

– Utan tvil ville vi ha føretrekt og kjempa for eit betre forslag. Det ville vore betre for sjølvrespekten vår og renommeet, og særleg for miljøet. Men vi er berre der vi er, sa EUs miljøkommissær Connie Hedegaard onsdag kveld.

EU begynte i 2012 å krevje at alle flyselskap betalte avgifta, men amerikanske og kinesiske flyselskapet protesterte og nekta å betale. Dermed blei EU tvinga til å gi dei eitt års utsetjing og berre ta avgifta frå europeiske flygingar.

FNs luftfartsorganisasjon ICAO vedtok i fjor å opprette sitt eige verdsomspennande system for å avgrense utslepp frå fly innan 2016, men ville ikkje godta at Europa i mellomtida kunne ha sitt eige system. (©NPK)

LES OGSÅ: Nordmenn flyg mest i Europa

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE