Maratonintervju med Grytten

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei litterære festspela går føre seg i Bergen 22.-29. mai og som vanleg skal årets festspeldiktar portretterast frå scenekanten.

Men denne gongen går Finn Tokvam grundigare til verks: Han skal intervjue Frode Grytten i seks timar i strekk.

LES OGSÅ: Grytten og Bjella til P2

Sur på Lahlum
Maratonintervju ser ut til å vere ei smittande trend i Noreg, men til Bergens Tidende fortel dei to at dei fekk ideen for fleire år sidan.

– Eg blei litt sur då eg såg at Lahlum var før oss. Men han fekk jo litt enkle spørsmål, seier festspelforfattaren til BT.

Etter at forfattar Hans Olav Lahlum vart intervjua i over 30 timar på VGTV, har professor Frank Aarebrot halde eit 200 minutt langt foredrag om noregshistoria, som vart sendt på NRK2.

No skal Grytten og Tokvam prøve seg på eit prosjekt ein plass i mellom desse når dei i programposten «6 timar til midnatt», skal snakke fram til midnatt fredagskvelden.

– Aarebrots 200 minutt er jo som ein sprint å rekna i forhold til oss, seier Grytten, som er mindre nervøs enn arrangøren.

LES OGSÅ: Har servert 400 P.I.L.S

Ring ein ven
Finn Tokvam, som har intervjua Grytten ved fleire anledningar, trur det vert hardt å halde seg innanfor seks timar.

Forfattarskapen til Grytten vil verte hovudfokus for samtalen, og kanskje vert gamle tekstar henta fram. Tokvam har òg tenkt seg inn på livet til forfattaren og opnar for å ringje ein ven eller to, for å få inn fleire synspunkt. Andre idear er å flette inn Dagsnytt, slik at Grytten kan kommentere nyheitsbiletet.

Dei er ikkje redde for å gå tom for samtaleemne i løpet av seks timar, men Tokvam meiner det må vere lov å reise seg og gå litt rundt undervegs.