Har servert 400 P.I.L.S

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein god kjemi mellom Bård og meg. Det skader heller ikkje at me begge er lidenskapleg interesserte i musikk og historiene rundt songane me presenterer, seier Finn Tokvam i samband med jubileet.

Jubileum
Kvar laurdag samlar P.I.L.S ein halv million lyttarar og fredag er det 10 år sidan første program vart sendt, skriv NRK i ei pressemelding.

Tokvam frå Flåm er saman med Bård Ose programleiar for helgeprogrammet på radio. Programnamnet er ei forkorting for Populærmusikk Ispedd Litt Sladder.

Humor og underhaldning
Sidan 11.januar 2003 har programma femna om svært ulike tema, som jenter med bass og menn med blank isse. Store hendingar som Woodstock og John Lennons "Lost Weekend". No har dei laga over 400 program.

– Me lagar eit underhaldningsprogram med musikk, ikkje omvendt. Du treng ikkje vera interessert i musikk for å lika P.I.L.S. Det er historiene lyttarane våre er opptekne av, meiner Ose.

Ingen idétørke
Mange tvilarar spådde karane kom til å gå tom for nye idear etter ei stund. No har det gått ti år, og Ose slær fast at duoen er klare for ti nye år.

– Minst! Me kjem ikkje til å gå tom for idear før me går av med pensjon. Det er eit løfte!

Les saka i Sogn Avis!