Atle Simonsen håpar 2015 blir det siste året eldreomsorg blir tema i valkampen. Han er vald til leiar av eit parti som no er blitt mot norsk EU-medlemsskap.

mm
Faktaboks

Namn: Atle Simonsen
Alder: 25
Studerer: Økonomi (Ferdig med bachelor)
Favorittfag å skulen:  Matematikk, heilt til eg blei nekta å jobba vidare
Verv: Formann
Kva gjer du i fritida/hobby: Koplar av med venner som ikkje er politikarar. Aktiv Viking-supportar

LES FAKTALUKK FAKTA

På landsmøtet til Framstegspartiets Ungdom i helga gjekk ungdomspartiet mot norsk medlemskap i EU.

– FpU har alltid kjempa mot norske byråkratar, politikarar og betrevitarar som ønskjer å styra vanlege folks liv frå vogge til grav, og som grip unødvendig inn i økonomien. Me vil ikkje kjempa mot byråkratar i Brussel i tillegg, seier Atle Simonsen til Framtida.no.

I tillegg gjorde partiet eit vedtak å jobba for ein bærekraftig velferdsstat.

– I 2060 vil vi ha eit underskot på 6,1 prosent av fastlands-BNP dersom dagens velferdsnivå og arbeidsinnsats held fram. Noreg har OECDs høgaste sjukefråvere og blant dei mest generøse ordningane for sjukemeldte. Heile 30 prosent av innbyggarane i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet.

FpU føreslår å stramma inn og fjerna nokre ordningar.

– Ei trygd som må fjernast er drop-out-trygda. I dag kan ungdom som sluttar på skolen få inntil 6.000kr i månaden. Me kan ikkje ha det sånn at folk tidleg i 20-åra pensjonerer seg, seier den nyvalde FpU-leiaren til Framtida.no.

– Tøffare
– Kva vil FpU merka av forskjell med deg som talsperson?

– Eg vil nok vera tøffare mot moderpartiet vårt i saker der eg meiner dei ikkje er tru nok mot liberalismen og våre prinsipp.

– Kvifor er det bruk for FpU?

– FpU har vore i spissen for ein fridoms- og idékamp i mange tiår. Me har vore dei første som har tatt til orde for å fjerna monopol som me no ler av at ein gang eksisterte. Viss ikkje FpU skal stå i front for verdiar som individuell fridom, kapitalisme og marknadsliberalisme, vil ingen gjera det.

– FpU er en viktig ressurs for å dra samfunnet vidare og koma med nye idear. Utanom FpU er det ingen som tør å ta dei kontroversielle diskusjonane som ikkje nødvendigvis har overveldande fleirtal i befolkninga. Nokon må stilla spørsmål i samfunnet viss utviklinga skal halda fram.

– I tillegg er FpU viktig for å løfta ungdomssaker til eit av regjeringspartia, legg han til.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Viss det var noko eg likte endå dårlegare enn at foreldra mine bestemte over meg, så var det at staten og andre gjorde det. Eg ville bestemma over eigen skulekvardag og eige liv. Eg valde FrP fordi dei er det einaste partiet som set sunn fornuft framfor det som er politisk korrekt.

– Kva saker er det du brenn for og vil gjera noko med?

– Fridom og valfridom. Eg vil at menneske skal vera frie og at politikarar skal få mindre makt. Det gjeld både i kvardagen og skuledagen. Eg vil at folk skal bestemma mest muleg over eiga lommebok og derfor bør frikortgrensen aukast til 100.000 kroner.

– Leveregelen til alle politikarar burde vera Kardemommeloven: Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.

– I tillegg er eldreomsorg eit felt eg brenn for. Eg får vondt av å høyra forferdelege historier om besteforeldre som har det vondt fordi politikarar har prioritert andre ting, som for eksempel flotte kulturbygg og prestisjeprosjekt.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?

– Stolt over «oljå»
– Kva bør Noreg leva av når olja er brukt opp?

– Eg er frå oljebyen og er veldig stolt av den historia «oljå» representerer. Eg håpar me kan leva av olje så lenge som muleg. Me produserer olje på den mest miljøvennlege måten i heile verda.

– Me er eit høgkostnadsland og må difor leva av kunnskap og teknologi. Eg håpar det neste eventyret for Norge kan vera thorium og miljøvennleg og trygg kjernekraftverk. Då er det trong for ein tydeleg prioritering av forsking.

– Kva seier du til forslaget frå Venstre om setja ned handlingsregelen til 3 prosent?
– Eg er meir opptatt av kva me bruker pengar på, enn akkurat kor mykje. Det er forskjell på å bruka pengar på å kjøpa hus og dra på ferie. Det er forskjell på å bruka pengar på trygd og lønnsam infrastruktur. Det må ein handlingsregel ta høgde for.

– Eg ønskjer ein handlingsregel som definerer samfunnsøkonomiske lønnsame investeringar. Oljepengebruken må rettast mot utdanning, forsking, infrastruktur og vekstfremjande skatte- og avgiftskutt. Forslag frå Framstegspartiet til auka oljepengebruk i 2013 var ti milliardar kroner – fem milliardar til å finansiera skattekutt og fem milliardar til å finansiera auka investeringar i infrastruktur. Resten av satsingane våre var omprioriteringar innanfor eksisterande budsjettramme.

– Undersøkingar viser at eldre veljarar bryr seg lite om saker som har konsekvensar for ungdom. Kvifor er det så viktig for eit ungdomsparti å kjempa for ei betre eldreomsorg?

– Eg veit at ungdom er veldig opptatt av omsorg for sine besteforeldre. Og det skulle berre mangle at våre eldre som har bygde opp landet får ein verdig alderdom og ein siste fase i livet som me kan vera stolte av å gi dei. Viss det er ein ting som gjer meg forbanna, er det at me diskuterer dei same problema i eldreomsorga som då eg meldte meg inn i FpU i 2002. I valkamp etter valkamp lovar politikarane å gjera noko med det. Eg håpar 2015-valkampen er den siste der me er nøydde til å diskutera eldreomsorg, ikkje fordi eg er lei dei eldre, men for eg håpar problema er løyst. Eg får helt vondt når eg høyrer om eldre som dør med liggesår eller som ikkje får dusja på fleire veker. Slik skal me ikkje ha det i verdas rikaste land.

LES OGSÅ:Til veggs om skulen

Likar skuledebattar
– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Det er det ikkje noko lett svar på. Noko av løysinga er å laga målretta tiltak spesielt retta mot ungdom, om kvifor det er viktig å engasjera og bry seg i samfunnet. Eit demokrati kan berre fungera når alle samfunnslag er med i debatten, og der treng me sårt ungdom.

– Eg trur at skuledebattane er viktig i denne samanhengen. Det at ungdom får sjå ein frisk debatt, framfor trauste politikarar på TV, kan medverka til at ungdom engasjerer seg meir, derfor er eg sterk tilhengar av skuledebattar.

– Korleis vil de gjera skulen endå betre?

– Me må ha meir valfridom. Fritt skuleval, valfritt sidemål, fleire valfag, val av undervisingsform og elevar må få fridom til å seia kva dei meiner om læraren sin. Me må ha mindre teori på yrkesfaga og la elevane velja sjølv kor mykje praktisk arbeid dei skal ha.

– I tillegg må me gi dei sterkaste elevane fleire utfordringar. Ikkje eit stopp-skilt. Det viktigaste er ikkje at alle er like gode, men at alle blir best muleg. Jantelova må sparkast ut av skulen om me skal ha dei beste folka og teknologane viss olja ein dag tar slutt.

– I regjeringsplattforma står det at regjeringa vil gjera sidemålsundersvisinga meir engasjerande. Korleis meiner du undervisinga kan bli meir engasjerande?

– Me kjempar for å få valfritt sidemål. På sikt vil me få gjort dette valfritt, i mellomtida må sidemålsundervisinga vera meir praktisk retta, framfor å gå direkte på diktanalyse og tekstsamanlikning.

LES OGSÅ:– Ingen sentral aksjon mot nynorsk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51
ANNONSE