Slepper ungdomen til på garden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. januar blei det nye eigarar på Solvik i Vå i Vinje. Georg Romtveit og sambuaren Linda Hamarsnes overtok farsgarden til Georg i ein alder av 23 år. Georg har berre budd 4–5 år ute av barndomsheimen, i eit hus i nabobygda. No er han tilbake, og garden har blitt hans og Lindas nye heim. 

– Det he alli vóre aleis, seier Linda. 

For ho har heile tida visst at det er dette Georg ynskjer, og er glad for at foreldra hans, Anne og Jan Tore, har gjeve dei sjansen til å overta i så ung alder. Georg er samd. 

– Somme tviheld på gardane sine til dei er gamle, utan å sleppe yngre krefter til. Det trur eg ikkje er lurt om ein vil ha vidare drift på garden, seier han. 

LES OGSÅ: 19 år og gardkjøpar 

Nytt lafta fjøs 
På garden, som ligg tett ved vegen langs Totak, står det eit flott, nytt lafta sauefjøs, bygd inntil det gamle. Det har far og son Romtveit bygd. Dei to er tømrarar og kollegaer i firmaet Rauland hytteservice. 

Inne i fjøset bur 42 vinterfôra dyr av sorten gammalnorsk spælsau. På sikt skal bli det rundt 150 av dei. At Georg vil halde fram sauedrifta, har heile tida vore like sikkert som at han skulle overta sjølve garden. Dei to unge bøndene i Vå let seg ikkje skremme av det synkande talet på sauebønder i kommunen og elles i landet. 

– Ein får håpe det snur etter kvart. Så får ein no sjå kor vanskeleg det blir. Men eg trur det skal gå bra, seier Georg. 

Han er glad for at Vinje kommune framleis vil satse på sauedrift. Dei har fått over 300 000 kroner i tilskot til fjøsbygginga frå kommunen, og tilskot og lån frå Innovasjon Noreg. Landbruksrådgjevar i kommunen, Thor Christiansen, har vore god å ha som hjelp til å manøvrere i søknads- og papirjungelen. 

– Det har betydd mykje. Det er ikkje lett for ein annan å halde styr på alt slikt, seier Georg. 

– Det tek knekken på ein om ein skal ordne alt av papir og slikt åleine, legg Linda til. 

LES OGSÅ: Kvar tredje bonde vil leggje ned med Høgre-politikk 

Lite tap 
Lamminga er alt i full gang i fjøset i Vå. Våren kjem tidleg til dei bratte jorda langs Totak. Det har sine fordelar. 

– Lamma blir store før ein slepper dei på beite, så det blir mindre tap. Me har berre mista eitt til to lam kvar sommar så langt, seier Georg – meir enn klar for livet som sauebonde i Vå. 

LES OGSÅ: Kæ seie bonden? har blitt ein hit 

Synkande sauetal 
Husdyrproduksjonen det ligg best til rette for i Vinje – sauedrifta – rasar nedover. Kommunen håpar fleire vil gjera som Georg Romtveit og satse på sau.

Dei siste åra er det gjort store investeringar i storfe- og geitedrift i Vinje kommune. Men sauenæringa, som passar svært godt i ein stor fjellkommune som Vinje, er det færre og færre bønder som satsar på, fortel landbruksrådgjevar i kommunen, Thor Christiansen. 

– Og det er trass i gode kommunale ordningar og støtte frå Innovasjon Noreg, legg han til. 

Store moglegheiter for gode utmarksbeite gjer at Vinje tradisjonelt har vore ein «sauekommune». I 1995 var det 129 sauebønder i Vinje, og 5050 sau pluss lam blei sleppt på beite. I 2013 var talet på bønder nede i 47, og sauetalet halvert. Tokke har gått forbi Vinje som den største sauekommunen i Telemark. Men sauemiljøet i Vinje er framleis godt og vitalt, forsikrar Christiansen. 

Årsakene til nedgangen i sauedrifta er samansette. Rovdyr gjev ikkje berre tap, men gjer også at sankearbeidet blir vanskelegare. Dyra blir skremt og spreidde over svært store område.

– Det er ingen tvil om at sauebøndene i Vinje gjer ein stor og flott innsats. Dei gjer alt for å finne att dyra sine, seier Christiansen. 

– Nokon har òg flytta dyra på andre beite vekk frå gaupa, noko som blir svært arbeidskrevjande for bøndene, legg han til. 

Nokre av dei største sauebøndene har slutta med sauedrift på grunn av rovdyr. Andre gjev seg ved generasjonsskifte ved garden, når neste generasjon ikkje ynskjer å overta sauedrifta. Det er òg ein god del problem med lausbikkjer i dei mest populære turområda, fortel Christiansen. 

– Dyra blir jaga på og lam kjem vekk frå mora og får ikkje mat, medan søya får mjølkespreng i juret med fare for jurbetennelse, åtvarar han.

Men Christiansen er slett ikkje pessimist. Det har i snitt blitt investert 7,5 mill. kroner kvart år sidan 2007 i landbruket i Vinje – mykje takka vere kommunale ordningar. Det samla dyretalet i kommunen held seg stabilt – noko han omtalar som uvanleg og svært positivt, og Vinje er ein av få kommunar i Telemark som nydyrkar for tida. 

Mange vel å satse på geit og storfe, og produksjonen av ku- og geitemjølk har auka med over 30 % sidan 2010. Medan fleire ammekyr gjer sitt til for å halde kulturlandskapet ope. 

– Talet på geit og storfe har auka dei siste åra. Ressursgrunnlaget i Vinje skulle tilseie at det same skulle kunne skje for sauetalet, seier Christiansen. 

Han trur satsinga til Georg og Linda på Solvik kan inspirere andre som har ei gardbrukarspire i magen. 

– Ein får tru at optimismen og det moderne og trivelege fjøset til dei unge gardbrukarane i Vå kan motivere fleire til å sjå på sauehald som ei mogleg driftsform på andre gardsbruk. Eg veit og at det er fleire som jobbar med utbyggingsplanar for sau, seier den røynde landbruksrådgjevaren. 

LES OGSÅ: Iskrem med Aasensk sus 

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.