– Farleg høg forureining i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konklusjonen kjem etter systematiske målingar kvart år sidan 2008. Luftkvaliteten i mange norske byar er for dårleg, og i mange tilfelle manglar handlingsplanar for å møte problemet. ESA varslar no norske styresmakter om at verdiane av svevestøv (PM10), nitrogendioksid (NO2) og svoveldioksid (SO2) er så høge at det inneber brot på EØS-reglane om luftkvalitet.

Situasjonen ser ut til å vere verst i hovudstaden, der grenseverdiane for nitrogendioksid har vore overskridne samanhengande sidan 2008 og fram til i dag. No slår ESA fast at trass tiltaka som er sett inn vil ikkje forureiningsnivået i Oslo vere nede på eit akseptabelt nivå før tidlegast i 2025.

Hovudkjelda er biltrafikk.

Den same problematikken som ESA ser i Oslo gjer seg også gjeldande i Asker, Bærum, Lørenskog, Skedsmo, Oppegård, Ski, Lier og Drammen, ifølgje fråsegna ESA sendte norske styresmakter onsdag.

Samtidig får Bergen utsett frist for å redusere NO2-forureininga til 1. januar. Grenseverdiane her vart brotne i 2008, 2010 og 2012.

Det er også målt tidvis farleg høg luftforureining på delar av Sørlandet, Vestlandet og Midt-Noreg utan at styresmaktene har laga handlingsplanar som fyller EØS-krava. Troms og Finnmark slit med SO2-forureining, som berre stammer frå russisk industri. (©NPK)